NRK Meny
Normal

Rekordtidleg opning for skisentera

Det er sjeldan skisentera i fylket opnar før desember. Men denne helga skjedde det.

Harpefossen skisenter

KLARE: Leiar for skipatruljen, Tore Kroken Karlsen, konstaterer at det er meir enn nok snø til å opne heisstasjonen til Harpefossen skisenter på Furehogane.

Foto: Harpefossen skisenter

Stryn vinterski starta med gratis skikøyring allereie i går, og held fram i dag.

Då opnar skisentera også i Eid og Jølster.

– Det nærmar seg ein meter snø ved påstiginga ved Furehogane. No er det meldt kaldt heile veka, så neste helg reknar vi med å opne resten nede, seier Jarle Åsebø ved Harpefossen skisenter.

Gratis køyring

Even Hole

NY SESONG: Even Hole og Jølster skisenter er meir enn klare for å sleppe skientusiastane opp skiheisen.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Det har vore utfordrande dagar for vegfarande både i høg- og låglandet, men ved skisentera i fylket har dei gnidd seg i hendene av glede. Og i dag er ventetida over.

Jølster skisenter takkar snøfallet siste veka for at dei rekordtidleg opnar familieløypa, barnetrekket Hauglandsheisen og Kvamsbakken.

Sistnemnde med skilting om redusert fart eit par stader. Men utan minusgrader natt til søndag, kan det bli både blautt og tungt for dei fleste.

– Difor blir det gratis heis, gratis nedfart og gratis parkering. Så køyrer vi for fullt frå neste helg, seier Hole.

Spart mykje pengar

Skisenteret har tidlegare år brukt mykje pengar på å produsere kunstsnø før opning. Men ikkje i år. I høgda ligg det 70 centimeter med snø.

Men utan minusgrader natt til søndag, kan det bli både blautt og tungt

– Vi har spart oss betydelege pengar på det. Det er gjort ein kjempejobb med å trakka ned natursnøen. Oppe har vi ein sole på 25 centimeter, så sesongen er berga om det ikkje kjem plussgrader der før i februar, seier Hole.

Fortvilar i Hornindal

Ope kunne det også ha vore ved Hornindal skisenter, men tekniske problem med trekket gjer at dei først kan opne neste helg.

– Det er ein fortvilande situasjon. Vi har snart 1,5 meter på toppen og 60–80 centimeter nede. Bakken kunne opna førre helg, seier driftsleiar Amund Sverre Tomasgard.

– I mellomtida har langrennsløypene vore godt besøkt. Der har vi opna alt vi har, 25 kilometer, legg han til.

Sogningane må vente

Per Odd Grevsnes

Må VENTE: I Sogndalsdalen treng Per Odd Grevsnes litt meir snø før han kan starte skiheisane i Hodlekve.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Men Breimsbygda skisenter og Sogndal skisenter må vente. I Sogndalsdalen har dei derimot køyrt opp fem kilometer langrennsløype. Laurdag kveld var tre trakkemaskiner i gang i bakken.

– Vi har fått bra med snø siste dagane, men treng litt til, seier dagleg leiar Per Odd Grevsnes og legg til at dei håpar å opne neste helg.

Same håpet har dei også ved Sogn Skisenter i Hafslo.

– Vi startar snøkanonane over helga og satsar på å opne barnetrekket og delar av storbakken neste helg, seier dagleg leiar Runar Henning Tørvi.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.