I Balestrand vart den symjande briten møtte av ordføraren og ei stor folkemengde. Av ordførar Erland Fagermoen fekk han overrakt ein lysestake og badering.
Det er ni dagar sidan han starta på den 204 kilometer lange turen frå Skjolden til Eivindvik. Målet hans er å setje rekord med verdas lengste symjetur i kaldt vatn.
- Styrkar motivasjonen
- Sjølv om eg framleis har 100 kilometer att, så er det ei kraftig styrking av motivasjonen då eg har kome halvveges, seier Pugh.