Hopp til innhold

Jerven har teke rekordmange sauer

Sommaren i år kan bli ein av dei verste når det gjeld jerveskadar i fjella mellom Årdal og Lærdal. – Eg kan ikkje hugse at vi har hatt så mange saker der vi kan konkludere med at det er jerven som er skadedyr i ein og same sesong, seier Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn.

Anders Hunderi i Lærdal

OVERLEVDE: Anders Hunderi i Lærdal var måndag ettermiddag høgt til fjells for å hente heim sauene sine. Han har mista sju lam i sommar.

Foto: Jan Christian Jerving

Tidlegare enn vanleg er sauebønder no i full gang med å hente dyra heim frå fjellet.

I fjellområda mellom Årdal og Lærdal vart det i helga funne nye sauekadaver. I alt 103 sauer reknar ein med er tekne av jerv i løpet av sommaren.

– Det er ein ganske formidabel skade i eit så lite område som Lærdal og Årdal, seier Rein Arne Golf hos Statens Naturoppsyn.

83 sikre funn

Rein-Arne Golf i Statens Naturoppsyn

SNO: Rein-Arne Golf i Statens Naturoppsyn.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Av dei 103 kadavera som er funne i fjellområdet i Indre Sogn, meiner ein å kunne dokumentere at jerven står bak 83.

I Luster, der ein tidlegare har hatt store problem, kan ein førebels ikkje slå fast at jerven har teke sauer.

– Så er det nokre kadaver som er veldig oppetne, og då er det vanskeleg for oss å slå fast noko dødsårsak. Men dei er i same område som vi har god dokumentasjon for, så vi har grunn til å tru at det er jerven som er årsaka, seier Golf.

Sanka i helga

Bøndene i Naddvik beitelag har i sommar hatt kring 1.000 sauer på fjellbeite. I helga var bøndene på sauesanking.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Jerven har forsynt seg grådig av saueflokkane i sommar. Spesielt i fjella mellom Årdal og Lærdal der spente sauebønder i helga henta sauene sine heim.

SJÅ TV-SAK: Spenninga var stor då bøndene i Naddvik Sankelag i helga henta sauene ned frå fjellet.

Ole Bjarne Hovland var budd på å få heim lite lam. For det er hovudsakleg lam som har fått unngjelde for jerven sine herjingar.

– Du får ein del økonomisk kompensasjon, men det veg ikkje heilt opp for avlsarbeidet og innsatsen du legg ned gjennom vinteren. Det er slitsamt når slike ting skjer, seier han.

Rekordstort tapstal

Hos Statens Naturoppsyn meiner Golf å kunne slå fast at jerven har teke rekordmange sauer i sommar.

– Eg trur vi kan seie det no. Tapstala ligg langt over det vi har hatt tidlegare år, seier han.

I helga kom det også inn melding om ein ubekrefta jerveskade i Stryn. Denne blir kontrollert måndag ettermiddag.

– Jerven ser ikkje grensene og går i fjellet der det passer han best. Sau er veldig lett byttedyr for jerven, så det blir veldig stor skade når rovvilt og sau går rundt i same område, legg Golf til.

– Må gjere ein innsats

Sauer henta heim frå fjellet

BERGA FOR NO: Bøndene i Naddvik Beitelag var i helga i fjellet for å hente heim sauene sine.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Det er bestemt at det ikkje skal vere faste førekomstar av gaupe, jerv, ulv og bjørn i Sogn og Fjordane. Ei av årsakene til dette er eit aktivt jordbruk og stor bruk av beiteressursane på Vestlandet.

Onsdag startar lisensjakta på jerv, og Rovviltnemnda har bestemt at det kan skytast åtte jervar i regionen Sogn og Fjordane er del av. Jakttida går til 15. februar.

I Naddvik beitelag er Hovland klar på at det må gjerast ein innsats i vinter.

– Vi veit ikkje om det er ein eller fleire jervar, men det må reinskast opp. Det er beiteprioritert område, så vi må gjere ein innsats i vinter, seier han.