Hopp til innhold

Rekordsterke prestasjonar under EM

Tommy Navarsete, Roger Navarsete og Fredrik Eskil Myrvang frå Sogndal, returnerer frå EM i benkpress med nye personlege rekordar og to nye noregsrekordar.

Navarsete & Myrvang

NYE REKORDAR: Sogndølene Roger Navarsete, Fredrik Eskil Myrvang og Tommy Navarsete gjorde det svært godt under EM i pilsen i Tsjekkia.

Foto: Prviat

– Vi er utruleg godt nøgde med resultatet. Det er veldig kjekt at vi alle klarar å prestere i meisterskap, fortel Roger Navarsete på telefon frå flyplassen.

Fredrik Eskil Myrvang var fyrst ut av dei tre. Han deltok i 59 kilos klassa under meisterskapen i Pilsen i Tsjekkia.

Nær bronsemedalje

Myrvang forbetra sin personlege rekord med 12,5 kilo då han løfta 167,5 kilo under konkurransen i benkpress. Dermed sette han også ny noregsrekord, ein rekord han sjølv hadde på 155 kilo. Han enda på fjerdeplass i si klasse.

– Det gjekk overraskande bra. Det er fyrste gong eg får til meir enn forventa på eit stemne. Eg har jo vore nøgd tidlegare, men å sette pers under eit meisterskap er utruleg kjekt. Eg var nær medalje, men det er inga skår i gleda, fortel Myrvang.

Han understrekar at han tykkjer det er kjekt at alle presterte så godt, og er no motivert for å trene mot NM og EM neste år.

– Det blir mykje trening framover, så får vi sjå om eg kan kapre ein medalje då, seier han.

Ny norsk rekord

Tommy Navarsete løfta 272,5 kilo under konkurransen. Med dette resultatet forbetra han sitt eigen noregsrekord med fem kilo og enda på 6.-plass i konkurransen.

– Eg er svært godt nøgd med resultatet. Det viktigaste var jo at eg slo Roger, og det heldt akkurat, seier han og ler.

Søskenbarnet Roger Navarsete var nær ved å slå Tommy. Roger klarte nemleg å forbetre sin personlege rekord med 15 kilo, og løfta med det 270 kilo. Noko som heldt til ein 7.-plass.

– Eg kortar ned avstanden mellom oss no, så eg er veldig motivert til å trene vidare fram mot EM. Dette er berre velstand, seier Roger Navarsete.