Hopp til innhold

Rekordsesong for Sognefjellet sommarskisenter

Det har aldri før vore så mange som har brukt skiløypene på Sognefjellet om sommaren som i år.

Martin Koukal på Sognefjellet

POPULÆRE LØYPER: Sognefjellet har hatt rekordmange på besøk i skiløypene sine denne sesongen. Også profesjonelle skiløparar tek turen, som tsjekkiske Martin Koukal her på biletet.

Foto: Anders Fortun

Tidlegare i dag melde NRK at Stryn sommarskisenter i år berre har hatt halvparten så mange besøkjande som i fjor.

Men på Sognefjellet ser dei ein motsett trend. Ove Fortun, dagleg leiar ved Sognefjellet sommarskisenter er svært nøgd med årets sesong.

4000 besøkjande

Ove Fortun

NØGD: Dagleg leiar Ove Fortun er svært glad for at så mange vil komme til Sognefjellet for å stå på ski.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Sesongen har vore veldig bra. Vi starta opp 24. mai og har drive på til sist måndag, då hadde vi avslutning, seier han.

Sommarskisenteret har i år hatt rundt 4000 i løypene deira. Det er ein auke på mellom 500 og 600 frå fjoråret.

– Spesielt svenskane har vore utruleg flittige i år. Vi har hatt mykje frå Sverige som har vore her. Dei vil heller gå på Sognefjellet enn å gå i vintertunnelen i Torsby, seier Fortun.

TV-program som reklame

Han er usikker på kva som er årsaka til årets rekord, men seier dei har fått god reklame på TV i vinter.

– Det gjekk jo eit program om løypekøyraren på Sognefjellet i vinter, så det kan hende det har hatt påverknad på det som har skjedd her no i sommar. Det var fin reklame for oss.