Hopp til innhold

Årets sesong har vore rekordgod for cruisehamnene

Både i Flåm og i Nordfjord har cruisehamnene hatt besøksrekord i år. Også hotella i fylket har hatt ein god sommarsesong.

Cruiseskip i Flåm og Olden

TRAVEL SESONG: Både ved cruisehamnene i Flåm (t.v.) og i Olden har dei hatt ny besøksrekord i år.

Foto: Arne Veum/Arne Vik / NRK

– Så lenge vi klarar å levere eit godt produkt, og så lenge gjestane er godt nøgde, så synest vi det er flott at Olden-samfunnet og Stryn kommune klarer å levere, og at ikkje gjestane får eit forringa produkt, seier driftsleiar ved Nordfjord hamn, Sølve Oldeide.

I Olden har cruisetrafikken tatt seg til nye rekordar. Så langt i år har rundt 130 000 turistar komme til bygda. For Oldeide er det viktig at dei klarer å levere eit godt produkt til turistane sjølv om dei blir stadig fleire.

– Det er ganske mykje meir folk no. Det var 108.000 i fjor, så det har auka med nesten 30.000 i år, men ein klarar absolutt å gjere den jobben og ta seg av den mengda på ein god måte, og det er flott, seier Oldeide.

Også Flåmsbana aukar

Også i Flåm peikar pilene oppover.

– Flåmsbana og Flåm har opplevd ein god vekst heilt sidan april, seier dagleg leiar Sivert Bakk i Flåm utvikling.

– Totalt sett for sesongen ligg vi på 12–13 prosents auke på Flåmsbana. Og så har vi ein auke i dei andre segmenta, Rallarvegen hadde tidleg opning, bilturistane har komme sjølv om vi hadde stenging av Gudvangatunnelen, så vi har hatt ein total auke på alt, seier Bakk.

Sjølv om Flåm tek imot rekordmange, er utfordringa å få turistane til å leggje att pengar i bygda.

– Vi er flinke til å tene pengar på turistane, men både vi, og alle andre, kan bli flinkare til det. Dei må leggje att pengar når dei kjem hit, elles vert det feil, seier Bakk.

Har ein jobb å gjere i Europa

For hotellnæringa er tendensen felles med landet elles. Turisttilstrøyminga har vore om lag som i fjor.

Kari Kvikne ved Kviknes hotell i Balestrand seier dei har hatt ein svak oppgang på fire-fem prosent, men at det er meir enn dei håpa på. Ho er glad for at asiatane har funne tilbake til hotellet.

– I år har vi sett at Asia heldigvis er på veg inn att, både Taiwan, Japan og Korea. Her på huset har vi hatt ein stor oppgang i brasiliansk trafikk, fordi vi har ein turserie som har gått veldig, veldig bra. Elles ser vi at individuelle turistar kjem frå USA slik som dei har gjort, medan vi har ein jobb å gjere for å få turistane frå Europa tilbake, seier Kvikne.

Utfordringa er å klare å marknadsføre seg til dei som framleis har så god økonomi at dei kan komme på besøk til Norge.

Flest nordmenn i Loen

– Det er ikkje til å stikke under stol at vi er eit dyrt ferieland for turistane, seier Kvikne.

Også ved Alexandra hotell i Loen er administrerande direktør Ricard Grov fornøgd med sommarsesongen. Han seier at nordmenn framleis utgjer størstedelen av marknaden.

– Vi ser at norsk trafikk held seg sterk, og er aukande. Tyskarane blir det litt færre av, og Spania er ikkje blitt så svakt som einskilde trudde. Vi har også ein auke på Asia og Amerika, seier Grov.