Hopp til innhold

Rekordsal for Malakoff Rockfestival

Malakoff Rockfestival som startar fredag, opplever tidenes førehandssal av billettar.

Publikum

ROCKEHELG: Festivalsjef trur at mange tek turen til Malakoff Rockfestival i helga.

Foto: Ronny Brede Aase / NRK

I fjor var det 15 000 selde billettar til festivalen. Under årets 10-årsjubileum, kan det bli endå fleire, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

På Billettservice har dei no seld 4000 festivalpass, på same tid i fjor var talet 2000.

– Dette ser strålande ut. Vi hadde eit rekordår i 2011 og vi ligg langt framfor skjema i forhold til det. I tillegg til Billettservice, sel vi også på lokale utsalsstader, seier Naustdal.

Fredag brakar det laust for den tiande Malakoff-festivalen. Artistar som Seigmen, Turboneger, DumDum Boys og Lars Winnerbäck står på scena.

– Vi sel om lag 50 prosent av billettane våre i døra, så dette ser bra ut det vi har klart på førehandssalet så langt.

Hektiske dagar

Han vil ikkje spekulere i kor mange han trur kjem til Malakoff i helga.

– Eg har ikkje spekulere før og då har det gått veldig fint. Difor vil eg ikkje gjere det i år heller. Eg trur folk vil komme til Eid i helga.

Arrangørane har hektiske dagar for å få alt på plass til helga. To store scener skal riggast på det store festivalområdet.

– Men eg er ikkje uroa for at vi ikkje skal bli ferdige, seier festivalsjefen.

NRK Sommarlutt på Malakoff

Fredag 20. juli blir det radiokonsert med artistar frå Sogn og Fjordane direkte frå Malakoff Rockfestival. For tredje året på rad er det klart for NRK Sommarlutt på Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid.

På scena står Vegard og Bård Leite, Let's Be Light, To levande og ein død, Laila Beathe Førde, Arvandor og NRWY.

Konserten startar klokka 13, varar i to timar og blir sendt direkte på radio i NRK Sogn og Fjordane. Du kan også høyre sendinga direkte i nettradio.