Hopp til innhold

Rekordresultat av alpinistane frå fylket

Dei 14-årige alpinistane frå fylket har i helga køyrt Sogn og Fjordane inn til eit rekordgodt resultat. – Dette er resultatet av mange års godt arbeid i fleire klubbar, seier lagleiar Atle Hamar.

Alpinistane frå fylket sigra seg mange gode plasseringar i helga.

TALENT: 17 ungdommar frå heile fylket sikra Sogn og Fjordane ei solid samanlagtplassering under Telenorleikane på Hafjell.

Foto: Atle Hamar

– Samla vart Sogn og Fjordane den tredje beste krinsen under årets renn. Det er år og dag sidan det har skjedd, om det i det heile har skjedd, seier ein godt nøgd lagleiar, Atle Hamar.

Med seg i bilen tilbake til Sogn og Fjordane har han bilen full av unge og talentfulle alpinistar.

– Når vi kjem ut med ei så god samanlagtplassering, bak Oslo og Akershus, så betyr det at bak dei ti-femten beste plasseringane, så har vi mange løparar som kjempar og køyrer godt på ski. Mange heng veldig godt med, fortel Hamar.

Søndag klatra Emma Åsebø, frå Haugen, opp på pallen i slalåm, tidlegare i helga sikra ho seg ein 5. plass i storslalåm og fredag vart det sjuande plass i super-G.

Jentene merka seg ut med topplasseringar

– Jentene har imponert stort og levert rå prestasjonar, seier Hamar.

Under søndagens slalåm fekk Edvine Betten, frå Førde, 7. plass, og ho køyrde inn til 14. plass i storslalåm og 10. plass i Super-G. Oda Helene Sunde Svendsen frå Jølster vart nummer 9. i storslalåm og 11. plass i Super-G. Gunn Christensen frå Eid vart nummer 16 i Super-G

Totalt deltok 120 jenter og 170 gutar i leikande, som nærast er som eit NM for ungdomar på 14 år å rekne. Dei 17 ungdommane frå fylket representerte Jølster, Førde, Sogndal, Breimsbygda, Haugen, Veten og Stryn.

– Det er mange god sportslege prestasjonar denne helga. Erfaringa tilseier at med dei resultata dei har no, så vil dei knappe inn på dei aller beste etter kvart, og ta store steg framover.

.