Sjå bileta frå landsstemnet i Kalvåg
Landsstemnet til Forbundet Kysten vart avslutta søndag, og arrangørane er svært godt nøgde med både oppslutninga og gjennomføringa. Landsstemnet er ein 25 år lang tradisjon, men dette er første gong det finn stad i Sogn og Fjordane. I fjor vart det arrangert i Sandefjord, og neste år er det Bodø som er vert.
Størst nokon sinne
Vesle Kalvåg med sine 550 innbyggarar vart eit mylder av båtar og folk. Dette er det største stemnet nokon sinne, med tre gongar så stor oppslutning enn vanleg.
Mange av båtane hadde reist lenge og langt for å kome på stemnet, og her var nordlendingar, sørlendingar, austlendingar, vestlendingar og utlendingar.
Mange staslege skuter er innom Kalvåg. Foto Cosmin Cosma NRK.
Stor innsats
Folk i Kalvåg har verkeleg stått på for at alle skulle kjenne seg velkomne, og dei hadde ordna med mykje spanande underhaldning og utflukter.
Sjølv om talet på besøkande er stort, så var det ei roleg og fin stemning i Kalvåg. Og når også vêrgudane var til stades, så var det berre blide andlet å sjå i det gamle fiskeværet ytst mot storhavet.