Hopp til innhold

Snømengdene i fylket er historiske

Det er komme rekordmykje snø i fylket. Fleire stadar er målt opptil to meter med snø.

Mykje snø i Jostedalen

SNØAR NED: Jostein Aasen har lagt ut dette bileteav snørydding på garasjetaket på Instagram med #nrksf. Send inn dine bilete av dei store snømengdene som er komme.

Foto: Jostein Aasen/Instagram

Utsikt frå stoveglas i Naustdal

SER IKKJE UT: Frå stoveglaset til Turid Øvrestrand i Naustdal er det ikkje mykje utsikt.

Foto: Turid Øvrestrand
Mykje snø indre Hafslo

MYKJE SNØ: Slik ser det ut på Lambhaug i indre Hafslo.

Foto: Torfinn Skjerven

I går måtte Vassenden skule evakuere alle elevane etter at skuletaket måtte mokast fritt for snø fordi det var usikkert om taket heldt dei store snømassane som er komme.

Etter intenst arbeid er skulen klar for bruk i dag. Men berre klasseromma, taket spesialavdelingane som gymsal og naturfagsal er framleis ikkje moka.

Også i Sogndalsdalen er det komme mykje snø. Ifølgje Sogn Avis er det 20 år sidan det er registrert så mykje snø. På flat mark er det målt rundt 2 meter på garden Grov i Krundalen, skriv avisa. Også på Veitastrond er det tilsvarande snømengder.

Har du tatt bilete av snømengdene rundt deg? Send oss ein epost med bilete og litt om kor mykje snø det er komme. Send til oss på sf@nrk.no eller bruk Instagram og merk bilete med #nrksf

Hjelmelandsstøylen

TUNGE TAK: Dette biletet er frå Hjelmelandsstøylen i Gaular.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK
Laster innhold, vennligst vent..
Instagram Sogn og Fjordane