NRK Meny
Normal

Rekordmange vil på tur med Sogn og Fjordane Turlag

– Svært gledeleg er det at halvparten av dei nye medlemmene er barn og unge, seier dagleg leiar i Sogn og Fjordane turlag, Astrid Kalstveit.

Folk på tur med Flora turlag

SKYFRITT: Ingenting å seie på verken vêr eller oppmøte når Flora turlag arrangerte «Kom deg ut-dag» i helga.

Foto: Astrid B.Eliassen

Søndag arrangerte Turistforeininga «Kom deg ut-dagen» i heile landet. Her i fylket tok over 1300 friluftsglade menneske oppfordringa, og brukte dagen i utomhus i sola.

Sogn og Fjordane Turlag noterer seg rekordhøge medlemstal når vi går inn i september.

Dei har hatt ei medlemsauke på 12,7 prosent i år, og turlagsleiar i fylket, Astrid Kalstveit, er svært nøgd med at arrangementa deira dreg folk ut.

Sjølv hadde ho berre tid til ein liten morgontur i sola, for ho har jobben med å registrere deltakinga på arrangementa.

– Det er sabla kjekt, eg sit gladeleg ein søndag og plottar inn statistikk frå alle dei flotte arrangementa, fortel Kalstveit.

Medlemstal til topps

TIL TOPPEN: Medlemmene i Flora Turlag gjekk strøymde til fjells i helga.

Foto: Astrid B.Eliassen / Flora Turlag

Jublar for unge medlemmer

Rekordmange ungdom ville feriere i fjellet i sommar, synte ei undersøking frå TNS Gallup i juli. Denne trenden viser att i Sogn og Fjordane turlag sine medlemstal.

Til saman 400 born og unge har meldt seg inn i dei 15 lokallaga til turlaget i år.

Dei unge står for halvparten av medlemsauka til organisasjonen.

Det er ei bevisst satsing frå turlaget si side, fortel turlagsleiaren.

– Vi innførte familiemedlemskap i DNT januar i år, det har gjort ein god del trur eg. Då kan både ungane, farmor og foreldre, alle som bur i same husstand, melde seg inn til ein fast pris.

Ho rosar lokallaga sin dugnadsinnsats for auka blant dei yngre.

– Det har vore stort fokus på å opprette barnas turlag, ungdomslag og arrangement for unge i lokallaga i år, seier Kalstveit.

Barnas turlag i Vågsøy

Trur varierte aktivitetar er nøkkelen

Også Turistforeininga nasjonalt har opplevd ei formidabel medlemsauke dette året.

Organisasjonen har snart 300 000 medlemmer.


Av desse er 7200 medlemmer frå Sogn og Fjordane turlag. Fylkeslaget har dobla medlemstalet siste 13 åra, fortel Astrid Kalstveit.

Ho trur variasjonen i tilboda deira er grunnen til at så mange melder seg inn.

– Mange melder seg inn for å få tilgang på nøkkel til hyttene våre. Dei kan også leige kano, klatreutstyr og anna utstyr på lager, og så alle turane og aktivitetane vi har, seier den entusiastiske turlagsleiaren.

Astrid Kalstveit i Sogn og Fjordane turlag

FORNØGD: Astrid Kalstveit har god grunn til å smile for dei gode medlemsauka i år.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Mange her i fylket er flinke å komme seg ut. Dei kjem seg ut om det er på turar, trimposter eller andre aktivitetar, det er heilt fantastisk, avsluttar Astrid Kalstveit.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.