NRK Meny
Normal

Rekordmange vel å gå dei bratte bakkane hit

Stadig fleire går fotturar i fjellet og dei litt meir krevjande turane freistar. For Bergen og Hordaland turlag står Skåla og den nye hytta Skålabu for den største auken.

Skålabu

SKÅLABU: Den nye turisthytta på Skåla i Loen stod ferdig i oktober 2016. Hytta ligg like ved det gamle ærverdige Skålatårnet på 1836 meter over havet, med utsikt innover Jostedalsbreen og ut mot Nordfjorden. Den 2. juli i år hadde hytta offisiell opning. Her er arbeidsgjengen som var med på å reise Skålabu.

Foto: Odd Helge Brugrand

– Vi har hatt ein utruleg bra sesong med stor auke på hyttebesøket vårt. Spesielt Skåla og den nye hytta Skålabu. Men også andre stadar som Stølsheimen. Der har fleire av hyttene rundt 20–30 prosent fleire besøkande sett i forhold til tala i fjor, seier Einar Sleire.

Einar Sleire

FLEIRE GÅR I FJELLET: – Mange nordmenn ønsker meir aktive feriar og nyttar seg av dei fine stiane, hyttene og naturopplevingane som er rundt, seier Einar Sleire, vikarierande informasjonsleiar i Bergen og Hordaland turlag.

Foto: Einar Sleire / Privat

Tal frå 27. juli i år viser at Skåla har 44 prosent fleire besøkande enn på same tid i fjor.

– No er vi oppe i 1832 personar som har besøkt Skåla totalt. Talet er 1427 for Skålabu og 405 for Skålatårnet.

Hytteverten på Skålabu

Det er første gong Kåre Olsen frå Bømlo er hyttevert. Han bekymra seg for om han kom til å kjede seg 1848 meter over havet, men utan grunn.

– Det har vore eit bra trykk. Onsdag hadde vi 18 som overnatta på tårnet og 30 på Skålabu. Nokre måtte sove på litt harde benkar, men det går for ei natt. Folk er tilpassingsdyktige og blide, fortel han.

Kåre Olsen

HYTTEVERT: Kåre Olsen frå Bømlo melde seg frivillig for turlaget og frå 5. til 12. august er han hyttevert på Skålabu.

Foto: PRIVAT

Olsen har hatt ei utelukkande positiv oppleving med det å vere hyttevert, sjølv om det kan bli litt trongt enkelte netter.

– 40 som overnattar går greitt, men på onsdag var det 48. Då var kapasiteten litt sprengt. Vi la ut madrassar i matsalen på Skålabu, og folk tok det fint. Eg har enda ikkje møtt nokon som er negative, seier Olsen.

Stigande trend

Einar Sleire trur det er fleire grunnar til at fleire legg ut på tur. Også utlendingar tek turen i den norske fjellheimen.

Skålabu i Loen

SKÅLATÅRNET: – Eg vil tru rundt 70–80 personar finn vegen hit i løpet av ein dag. Det er ikkje alle som registrerer seg. Nokre et nista si og går ned igjen, fortel hytteverten Kåre Olsen.

Foto: Kåre Olsen / Privat

– Vi har ein fantastisk natur og talet turistar frå utlandet aukar også. Mange er interessert i opplevingsturisme og stadig fleire går i fjellet, seier Sleire.

Kvifor er nettopp Skåla så populær?

– Det ligg spektakulært til med nydeleg utsyn og det gamle Skålatårnet er eit ikon mange har blitt glad i.

Med den nye hytta Skålabu har mogelegheitene for overnatting blitt utbetra og gjort det meir attraktivt. Det er ein tøff tur med 1800-meter oppoverbakke. Mange ser nok på turen som ei utfordring òg, seier Sleire.

Møter mange slags folk

Kåre Olsen Hyttevert

KALDT SOMMARVÊR: – Mange kjem inn etter å ha gått i skodde og regn. – Då er det godt å få varme seg og skifte klede. Dei set pris på eit varmt hus før dei vender ned igjen, fortel Kåre Olsen.

Foto: Kåre Olsen / Privat

Det er ikkje berre er nordmenn som finn vegen. Kåre Olsen har snakka med både svenskar, engelskmenn, franskmenn og sveitsarar.

– Utlendingane verkar godt førebudd. Nokre har kanskje bomma litt på tida det tek å gå, men har bra utstyrt.

Også er det ikkje alle som er klar over kva sjølvbetjeningsprinsippet går ut på. Dei trur dei kjem til ein restaurant også må dei koke sjølve, men det er jo slik kulturforskjellane er, seier Olsen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.