Hopp til innhold

Rekordmange skal springe det råaste motbakkeløpet

Nok ein gong er det rekordhøg påmelding til Norges råaste motbakkeløp, Skåla opp i Nordfjord.

Video SKAALA-OPP2-130810-SF-175855-SIMPEG-4_SF.mp4

Rekordår for motbakkeløp. Odd Bjørn Hjelmeset skal springe Skåla opp laurdag. Her kan du sjå video.

På få år har motbakkeløp blitt ein svært populær konkurranse. Ideell treningsform og grenselause inntrykk er årsaka, seier tilhengjarane.

2000 skal springe

Skåla opp har blitt kjempepopulært. I morgon skal 2000 deltakarar igjen slite seg opp på toppen av det 1848 meter høge fjellet.

I alle år har dette vore eit populært fjellmål, og mange har sprunge opp bakkane for å slå rekordane som går på folkemunne.

Skåla er rekna som Norges høgaste fjelltopp som har foten i sjøen.

Mange nye motbakkeløp

Tusenvis av trente bein får brynt seg opp norske fjellsider i sommar. For på ti år har talet på motbakkeløp gått frå fem til 110 her til lands. Å presse seg sjølv til toppen av eit fjell har blitt svært populært.

– Det er ei bølgje og ein pop treningsform, og som går rett i i hjartet på deltakarane, seier motbakkegeneral Christian Prestegård.