Hopp til innhold

Rekordmange spring ultraløp: – Det er ei stor oppleving

For 10 år sidan var det svært få som sprang ultraløp i Noreg. I fjor deltok over 4000 på slike løp.

Anders Bjørkhaug og hunden spring over Nordheia i Førde

NATUROPPLEVINGAR: Slike augneblink er blant motivasjonsfaktorane for Anders Bjørkhaug, som her er på løpetur saman med hunden på Nordheia utanfor Førde.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Det er tal frå kondis.no som viser den raske utviklinga. Heilt fram til 2009 var det under 500 deltakarar i norske ultraløp, altså løp som er lenger enn ein maraton. Berre mellom 2014 og 2015 var det ei dobling frå 1500 til 3000 deltakarar.

NRK møter Anders Bjørkhaug på treningstur på Nordheia utanfor Førde. Førre helg deltok Bjørkhaug i ultraløpet Xreid, eit 126 kilometer langt løp frå Voss til Bergen. Bjørkhaug kjenner framleis løpet i kroppen, men vil likevel anbefale fleire å delta i slike løp.

Frå startområdet til Xreid mellom Voss og Bergen

STARTEN: Dei mange løparane har framleis friske bein før start på ultraløpet Xreid Voss - Bergen.

Foto: Privat

– Det er ei stor oppleving, seier han.

Ifølgje Bjørkhaug er meistringskjensle ein av dei viktigaste grunnane til at folk deltek i ultraløp.

– Eg vil ikkje seie at det er noko ein gjer for å bevise noko for nokon andre enn seg sjølv.

Trur utviklinga vil halde fram

John Henry Strupstad er leiar i ultraløpsutvalet i Noregs Friidrettsforbund. Han trur ikkje vi har sett toppen på populariteten til ultraløp endå.

– Det har vore ei rivande utvikling. Vi trudde vi hadde nådd eit tak for nokre år sidan, men så har det eksplodert endå meir. Eg trur det kjem til å halde fram nokre år til, seier han.

John Henry Strupstad

RIVANDE UTVIKLING: John Henry Strupstad trur auka i deltakarar i ultraløp vil halde fram.

Foto: Stein S. Eide

Strupstad peikar på fleire moglege forklaringar på den auka deltakinga i dei lange løpa.

– Den største forandringa er at det har kome fleire profesjonelle aktørar, særleg arrangørar, seier han, og legg til:

– Vi har også fått fleire gode resultat internasjonalt av norske løparar, og det har hatt noko å seie for promotering i media.

– Handlar om sjølvrealisering

Strupstad trur at ultraløp for mange av deltakarane handlar om sjølvrealisering.

– Det er ikkje eit i-landsproblem, men ei i-landsutvikling. Ein får aldri nok, vil yte det vesle ekstra og vise at ein klarer det, seier han.

Ifølgje Strupstad er det fleire ulike typar menneske som spring ultraløp. Likevel har mange av dei visse kjenneteikn.

– Dei har relativt godt betalte jobbar og har råd til dette. Ultraløp er ikkje gratis. Ein må reise ein del og kjøpe utstyr.

Anders Bjørkhaug på veg mellom Voss og Bergen

UNDERVEGS: Anders Bjørkhaug brukte litt over 28 timar på å springe dei 126 kilometrane frå Voss til Bergen. Over 100 løparar fullførte løpet.

Foto: Privat

– Ferdig for denne gong

Sjølv om Bjørkhaug sit att med positive opplevingar av ultraløp, er han ikkje sikker på om det bli fleire løp med det første.

– No er eg eigentleg ferdig med ultraløp. I alle fall for denne gong. Eg har ikkje planar om å melde meg på noko nytt, seier han.

For familiefaren finnast det også fleire omsyn som må takast før han melder seg på nye arrangement.

– Det finnast fleire andre idrettsarrangement eg har lyst til å vere med på, men det er nok mest styrt av familien, og at dei også har lyst til å vere med på slike ting.