NRK Meny
Normal

Rekordmange søkarar til sjukepleiarstudiet

Aldri før har så mange søkt på eit sjukepleiestudium ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

Sykepleier

POPULÆRT YRKE: Behovet for sjukepleiarar er stort, og ved Høgskulen i Sogn og Fjordane merkar dei at stadig fleire vil utdanne seg til å bli sjukepleiar.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Då tilbodsbreva vart sende ut til studentane i går, stod 150 att på venteliste for å komme inn på sjukepleiestudiet i Førde frå januar. 35 heldige har fått tilbod.

– Dette er rekord på å så få studieplassar. Vi har hatt over hundre søkarar på sjukepleie ved haustopptaket, men aldri slike tal ved januaropptaket, seier opptaksleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Arnstein Menes.

Tøffare kamp om plassane

Arnstein Menes

NØGD: Opptaksleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Arnstein Menes.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det betyr også at det blir kravd stadige høgare karaktersnitt for å komme inn på studiet i Førde.

– Her må du ha 50 poeng, og det betyr i praksis at det er mange med over 4,5 i snittkarakterar frå vidaregåande skule, seier Menes.

Det er også stadig fleire søkarar som kjem utanfrå Sogn og Fjordane. Den kraftige auken i søkarar til vårkullet har kome plutseleg.

– Eg opplever at det nesten er uverkeleg. Det er ikkje meir enn to år sidan at vi opplevde kø på januaropptaket, seier studierådgjevar ved Høgskulen, Kristen Stæger Breisnes.

Situasjonen er snudd på hovudet

Ein skal ikkje langt tilbake i tid før situasjonen var ein annan.

Kristen Stæger-Breisnes ved eit vindauge på Eikefjord barne- og ungdomsskule

UVERKELEG: Det seier studierådgjevar Kristen Stæger Breisnes om auken i søkartalet.

Foto: Ingvar Torsvik Myrvollen

– For åtte år sidan hadde dei problem med å fylle dette kullet. Jamt og trutt har vi jobba med å auke merksemda rundt dette, og dei siste åra har vi opplevd ei nærast eksplosiv vekst, seier Breisnes.

Han trur studentane sjølv er med på å marknadsføre dei og at dette er med på å gi slike søkartal. Studiet har også fått ei høg stjerne i Studiebarometeret, der studentane sjølv vurderer kvaliteten.

– Det betyr alt at studentane trivst. Studentane er jo dei som tek imot tilboda vi har, men dei er også med å forme studiemiljøet og sin eigen studiekvardag. At dei trivst med det og blir sett, trur eg er veldig viktig, seier Breisnes.

Men kvaliteten på praksisplassane er også viktig, meiner Breisnes. Han rosar Helse Førde og kommunane som stiller med praksisplassar.

– Det er med å gi den kvaliteten som er der, seier studierådgjevaren.

Høgskulen i Sogn og Fjordane - avd. Førde

ÅLEINE OM VÅRKULL: Høgskulen i Sogn og Fjordane er, ifølgje studierådgjevar Kristen Stæger Breisnes, den einaste som har opptak i januar til eit heiltidsstudium.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.