Hopp til innhold

Rekordmange småkraftprosjekt

Rekordmange grunneigarar i Sogn og Fjordane ynskjer no å starte opp med småkraftverk. På neste møte i fylkesutvalet skal heile åtte konsesjonssøknader handsamast.

Skjerdalen er ein av stadene der det er planar om småkraftverk.
Foto: Kari Jordanger

Fylkesordførar Nils R. Sandal meiner utviklinga er gledeleg.

- Kan tene gode pengar

- Vi har sett at utviklinga i det tradisjonelle landbruket ikkje har vore så enkel, og då har mange bønder sett etter andre måtar å skaffe seg attåtinntekt, og dette er ein veldig god måte, for her ligg det uutnytta ressursar. I tillegg er kraftprisen i ferd med å bli god for produsentane.

Dei åtte konsesjonssøknadane som skal handsamast i Fylkesutvalet er i hovudsak kraftverk som er planlagde i Nordfjord. Og gode sjansar til å tene pengar gjer at stadig fleire grunneigarar no ser om det er mogeleg å byggje ut elva som renn forbi eigedommen deira. Sandal seier dette er viktig for utviklinga av bygdene i fylket.

Grunneigarar går saman

Gloppen er kanskje den kommunen der utbyggingsiveren er størst. Leidulf Bogstad er ein av initiativtakarane til Øvre og Nedre Årdal kraftverk på Breim. Der har fleire grunneigarar spytta inn millionar av kroner i utbygging av småkraftverk. Men Bogstad trur prosjektet vil bli velukka.

- Vi ser på vatnet som renn forbi, og vi har lese og høyrt om andre som jobbar med slike planar. Vi har undersøkt og funne ut at vi har eit lønsamt prosjekt og difor har vi jobba for å realisere det. Kraftprisen har gått opp, samstundes er det små bruk her i Årdalen, slik at vi ser ikkje så lyst på framtidsutsiktene i det tradisjonelle landbruket om vi ikkje kan basere oss på andre inntekter.

Jens Skjerdal
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Også Jens Skjerdal i Skjerdalen har gått saman med ein annan grunneigar om eit kraftprosjekt. Han vedgår at kostnadane er store, men håpar å hauste store inntekter etter kvart.

- Har du eit kraftverk får du levere straum på nettet og får betalt for det. Vi har eit godt prosjekt. Investeringane sett i høve til det vi kan produsere er gunstige.

- Viktig kraft ut på nettet

Fylkesordførar Sandal seier prosjekta også betyr at ein får viktig kraft ut på linjenettet.

- Alle desse småkraftverka representerer ei  ganske  bra mengde kraft når vi  slår dei saman. I tillegg er det stort sett små elvekraftverk som ikkje gjer store miljøinngrep.