NRK Meny
Normal

Rekordmange sleit seg gjennom Jotunheimen Rundt

Eit halvt tusen ryttarar stilte til start i årets utgåve av Jotunheimen Rundt. Sistemann kom i mål 15 timar og 43 minutt bak vinnaren.

Jotunheimen Rundt 2015
Foto: Håvard Nesbø / NRK

Det populære turrittet starta i Lærdal seint i går kveld. Framfor seg hadde ryttarane tre fjellovergangar og 432,5 kilometer med blodslit før dei kunne trille i mål neste dag.

Dei beste fullførte på godt under 13 timar. Dei siste godt over 28 timar og kom i mål i Sogndal klokka halv elleve i går kveld. Då var banketten for lengst over.

– Dei som fullfører er vinnarar heile gjengen, seier rittleiar Håkon Nesse.

Claus (58) fullførte for 25. gong

Det er det tjuefemte året rittet blir arrangert. Claus Clausen frå Askøy har fullført samtlege gonger. Han slit med å forklare kva som får han til å vende tilbake til blodslitet, år etter år.

Claus Clausen fullførte for 25. gong

GLAD JUBILANT: Claus Clausen har aldri brote eit løp han har stilt opp i. I år kom han i mål på Jotunheimen Rundt for tjuefemte gong.

Foto: Håvard Nesbø Haavard_Nesboe / Jotunheimen Rundt

– Det har eg spurt meg sjølv om mange gonger. Men det er utfordringa med å komme seg rundt. Det er masse vêr og mange årstider. Og så likar eg å sykle, seier han.

Aldri har han vore inne på tanken om å bryte. Men Clausen kjenner at han ikkje er den same som då han stilte på startstreken for 25 år sidan.

– Eg merkar at eg kvir meg litt meir no. Eg er trass alt byrja å nærme meg seksti, seier han.

Han enda til slutt på ein delt andreplass, blant over seksti startande i sin klasse. Men størst er gleda over å ha kome i mål, enno ein gong.

– Det er ei herleg oppleving. Det er gjerne det som gjer at vi held på med dette. Eg veit ikkje om det kan beskrivast med ord ein gong, seier han.

Sette klar ny deltakarrekord

Rittleiar Håkon Nesse seier dei i år har slått alle deltakarrekordar. I fjor var det 312 som starta. I år var det 480.

Håkon Nesse

TOMMELEN OPP: Rittleiar Håkon Nesse gler seg over ny deltakarrekord.

Foto: Håvard Nesbø / Jotunheimen Rundt

– I år har det eksplodert. Vi hadde sett ei grense på fem hundre deltakarar og det var fullt på tysdag. Det har aldri hendt før, seier han.

Sjølv med noko forfall før start var det meir enn nok til å setje ny rekord.

– Eg greier ikkje heilt å setje fingeren på det, men eg trur vi har gjort ein god jobb i forkant. Både på sosiale media og gjennom god omtale frå ryttarar frå tidlegare. Eg har snakka med mange som seier det er opplevinga dei er ute etter, seier Nesse.

Dei har ikkje vore like heldige, men i år spelte vêret verkeleg på lag med både arrangørane og ryttarane.

– Fleire ryttarar kom religiøse i mål etter turen over Filefjellet i måneskinn, Valdresflya i soloppgang og Sognefjellet bada i sol. Det har vore heilt fantastisk, seier Nesse.

Vegopning på Bergum i Førde kommune