NRK Meny
Normal

Rekordmange på Esefjorden Rundt

903 deltakarar deltok på det 8,5 kilometer lange landevegsløpet fredag.

Rune opem

Rune Opem går i mål med beste tid for herrer.

Foto: Robert Jan Leerink

Med det slo dei rekorden frå 2007, med 39 deltakarar.

Rune Opem

Beste mann vart Rune Opem.

Foto: Robert Jan Leerink

Esefjorden Rundt er ifølgje arrangøren eit 8,5 km langt landevegsløp utan særleg høgdeskilnad. Løpet går på asfalt og startar ved Tjugum Kyrkje nær Dragsvik.

Løparane passerer mål ved festplassen Balahaugen omlag ein kilometer frå sentrum.

73 sprang på tid

Kristin Brøndbo

Beste kvinne vart Kristin Brøndbo.

Foto: Robert Jan Leerink

I år vart løpet arrangert for 30. gong med 903 registrerte deltakarar. Av desse sprang 73 på tid.

Beste mann vart Rune Opem frå Dalebrand IL med tida 27.53.

Beste kvinne vart Kristin Brøndbo frå Steinkjer med tida 30.30.


GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast