Hopp til innhold

Aldri før har så mange turistar overnatta på norske hotell og campingplassar

Aldri før har det vore så fullt på overnattingsstadar i Noreg som det var i juli i år. Nye tal syner at turiststraumen til Noreg knapt vil ta nokon ende.

Hjelle Hotell i Oppstryn

VIL TIL FJORD OG FJELL: Turistane kjem ofte til Noreg for å oppleve fjord og fjell, som her ved Hjelle Hotell i Oppstryn.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Norske hotell sette ny rekord i overnattingar i juli månad, ifølgje nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Men for hotella i Sogn og Fjordane var det ein nedgang på nær 13.500 overnattingar i juli. Trass i nedgangen er hotella i fylket dei som utnyttar kapasiteten best – 80 prosent av romma var utleigde i juli månad, noko som er langt over landssnittet.

Noreg i vinden

Nedgangen i overnattingar i Sogn og Fjordane skuldast færre rom og senger enn året før. Hjelle hotell har hatt to rom mindre denne sesongen, men kapasiteten har vore på topp. I juli fylte dei opp 99 prosent av romma.

– Juli har vore kjempebra. Det er sjeldan vi får fylt opp så mykje, seier hotelleigar Lorentz Hjelle.

August har også vist seg å komme med ein rekord, og den store pågangen ser ut til å fortsetje fram til dei stenger dørene i slutten av september – og når dei opnar igjen neste år.

– Det er lenge sidan folk starta med å bestille til neste sommar. Det var ein trend vi såg allereie før denne sesongen. Før nyttår var mange datoer allereie fulle, fortel Hjelle.

Dei besøkande på Hjelle hotell uttrykker stor begeistring for den norske naturen.

– Eg trur Noreg er i vinden. Folk er imponerte over det dei får sjå og oppleve her, seier Hjelle.

Sprengt kapasitet

Den varme og solrike sommaren må få sin del av æra. Det trur også Even Aarethun, dagleg leiar av Lærdal ferie- og fritidspark.

– Heile sommaren har vore kjempegod, og eg trur trykket i juli er vêret si forteneste. Det ser vi spesielt på teltovernattingar.

Det er ikkje berre hotella som sett rekord. I juli var det 2,6 millionar overnattingar ved norske campingplassar, 1,9 prosent fleire enn juli i 20, ifølgje SSB. I år var kvar einaste meter på teltplassen til Lærdal ferie- og fritidspark fylt opp, kvar einaste dag.

– Vi har verkeleg hatt maks utnytting av området. Det har vore sprengt i heile juni og juli, og delar av august. Vi har aldri hatt så tett køyr som i år, seier Aarethun.

Meir tilgjengeleg

Bransjedirektør for Virke Reise Norge, Line Endresen Nomann, ser den same tendensen som overnattingsstadane og tala frå SSB.

– Alle i reiselivsnæringa som skapar fantastiske produkt og opplevingar har mykje av skulda for at det går så bra. I tillegg er det stadig fleire direkteruter til Noreg, og vi når breiare ut i marknadsføringa, seier Nomann.