Politibetjent Geir Olsen i Vågsøy seier at ein av årsakene til det høge talet er at politiet er blitt flinkare til å sette fokus på narkotikaproblematikken.
Sist helg aksjonerte politiet mot narkotikamiljøet i Måløy og Selje der 15 personar vart sikta for bruk av stoff.
Politiet utelukkar ikkje at det kan koma fleire aksjonar i næraste framtid.