Dermed kan meir enn halvparten av kommunane i fylket bli sett under kontroll av staten. Det plasserer fylket i landstoppen. Statleg kontroll inneber mellom anna at kommunane ikkje får ta opp nye lån til investeringar i kommunen.
Askvoll, Balestrand, Eid, Fjaler, Gulen, Selje og Vik vart sette under statleg tilsyn og kontroll alt i fjor. Tidlegare i år kom Høyanger, Naustdal og Leikanger i same uføret, og den siste på lista så langt er Jølster.
Uroande høgt
Men Gaular vil truleg også komme på same lista, og søkelyset er også sett på Hyllestad, Lærdal, Flora og Vågsøy. Og sjølv om ikkje alle desse kjem på lista til Fylkesmannen, er det stor fare for at talet vil passere 13 – som er halvparten av kommunane i fylket. – Eit uroande høgt tal, seier rådgjevar Gerd Fløde Bjørlo hjå Fylkesmannen.
Grunnen til at ein kommune blir sett under kontroll, er at den gjekk med underskot i fjor og i tillegg hadde underskot frå tidlegare år. Men det betyr ikkje automatisk at kommunen har gjort for dårleg jobb, seier Bjørlo. Ein annan årsak er at kommunane har fått strammare økonomi dei siste åra og har fått større utgifter enn dei rekna med. – Og det tek tid å redusere tenestenivået i ein kommune, seier Bjørlo.