Hopp til innhold

Rekordmange starta på ingeniørutdanninga

48 studentar til på ingeniørutdanninga ved høgskulen i Førde i dag. Det er rekordsøkjartal for skulen som tidlegare har slite med låge søkjartal.

Torbjørn Rong, Siw Tove Vårdal og Ørjan Malkenes

MANGE AV DESSE: Ingeniørstudentane f.v. Torbjørn Rong, Siw Tove Vårdal og Ørjan Malkenes skal ta til på andre året ved Høgskulen.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Det er rekord. Det er i alle fall veldig lenge sidan vi har sett slike tal, seier programansvarleg ved skulen, Eli Nummedal.

At heile 48 studentar tok til på ingeniørutdanninga i dag kan ha fleire årsaker, trur ho. Massiv marknadsføring av linjene dei tilbyr, samarbeid med lokalt næringsliv og offensiv satsing er nokre av stikkorda for denne rekorden meiner skulen sjølv.

Godt rykte

Eli Nummedal

REKORD: Programansvarleg for ingeniørutdanninga, Eli Nummedal er nøgd med at så mange har valt ingeniørutdanninga i Førde.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Eg trur først og fremst at grunnen til at så mange har søkt seg hit er at dei har snakka med gamle studentar. Det er den beste rekrutteringsmåten vår. Interessa for ingeniørfag er nok veldig stor over heile landet, og vi merkar no at vi har fått ei større spreiing i søkjarane. Nesten halvparten kjem utanfrå Sogn og Fjordane, fortel Nummedal.

Ho trur det rett og slett det er ryktet som gjer at så mange har søkt seg til Førde i år. Sjølv med rekordmange studentar på denne linja, seier Nummedal at dei skal halde fram den tette kontakten med lærarane og jobbe på den måten dei har gjort tidlegare.

– Vi har jobba bevisst med marknadsføringa vår i veldig mange år, men eg kan ikkje peike på noko spesielt som gjer til at vi har fått fleire studentar i år.


I dag var det høgtidleg opning av høgskuleåret for dei 950 studentane som skal ha Førde som studiestad.

Av dei er det 130 nye studentane som no tek fatt på første året i ingeniør eller sjukepleieutdanninga si.

(Artikkelen held fram under videoen)

Med songen "Born to be wild" vart eit nytt skuleår ved høgskulen i Førde opna.

SJÅ VIDEO: Underhaldninga under opninga var ved skulebandet som kallar seg "the sjukepleiars". Her syng dei "Born to be Wild" medan både rektor og ordførar diggar frå første rad.

Stort alderssprang

– Grunnen til at eg går her er at eg vil prøve å få meg ei utdanning og få meg ein litt lettare jobb. Siste jobben eg hadde så var eg platearbeidar og vart sjukmeldt frå den jobben, seier Torbjørn Rong (42) frå Øygarden. Han kjem til å reise heim igjen etter enda studie i Førde.

Siw Tove Vårdal (49) har vore innom bransjen før, men har dei siste 14 åra vore innom ein anna bransje.

– No treng eg å oppdatere meg litt og vise at eg framleis kan det, slik at bransjen vil tilsette meg, fortel ho. Om ho får jobb i området når ho er ferdig kjem ho til å bli verande.

Ørjan Malkenes (22) seier det er stort sprang frå yngstemann til eldstemann i klassen, men meiner det er heilt naturleg.

– Eg har visst heilt får eg var liten at eg skulle bli ingeniør og Førde var eit greitt alternativ, seier Malkenes.

Han meiner det er bra at skulen har god kontakt med bransjen rundt om i fylket, og at det er ein veldig bra plass å studere.

(Artikkelen held fram under biletet)

Høgskuleopning Førde

OPNING: I dag opna Høgskulen i Sogn og Fjordane i Førde for årets haustsemester.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Verkar spennande

I løpet av neste veke vil så mange som 3800 studentar vere knytt til Høgskulen i Sogn og Fjordane, fordelt på Sogndal og Førde.

To av dei er 19-åringen Karoline Klubben frå Florø og 22 år gamle Julianne Steinsland Jensen frå Bergen. Dei valde sjukepleiestudiet i Førde etter å ha høyrt mykje bra om staden frå andre.

Klubben fortel at noko av årsaka til at ho valte denne retninga var interessa for biologi.

– Eg visste ikkje heilt kva eg ville, men så kom eg over dette studiet og tenkte at det verka veldig spennande, seier Klubben.

Ho har no flytta på hybel i Førde og trur det vert meir sosialt å bu nær studiestaden i staden for å pendle.

– Det er jo ikkje så langt heime frå, men det var på ein måte dette studiet eg ville gå på, så då valte eg det, seier ho.

– Høyrt mykje bra

Julianne Steinsland Jensen og Karoline Klubben

GODT RYKTE: Sjukepleiarstudentane Karoline Klubben og Julianne Steinsland Jensen har høyrt mykje bra om høgskulen.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Julianne Steinsland Jensen på 22 år har reist heilt frå Bergen for å ta sjukepleiarutdanninga her. Etter to friår med reise og jobbing er ho no klar for å begynne studietida.

– Eg har høyrt veldig mykje bra om Førde og sjølve skulen. I forhold til sjukepleiarutdanninga i Bergen så skal det vere mykje betre her. Det er mykje mindre og du kjem inn på så å seie alle avdelingane samanlikna med Bergen. Eg trur eg får meir ut av studiet her enn der, seier Steinsland Jensen.

Å ta utdanninga i Førde var eit bevisst val frå hennar side, og ho har høyrt mykje bra frå tidlegare studentar.

– Det er ganske viktig at studiestaden ein vel har eit godt rykte, seier ho.

22-åringen trur det vil bli litt annleis å bu i Førde samanlikna med Bergen, men trur ho kjem fort inn i det. Bergen er trass alt berre tre timar unna.

– Mamma får komme på helgebesøk å fylle opp kjøleskapet i ny og ned.

Dei to sjukepleiarstudentane trur det er bra at høgskulen ligg så nær sentralsjukehuset med tanke på praksis.