Hopp til innhold

Rekordmange frå fylket på Utøya

I dag byrjar AUF sin sommarleir på Utøya, og den kjem til å vare til over helga. I år er det heile 19 deltakarar med frå Sogn og Fjordane.

Deltakarar frå Sogn og Fjordane på Utøya

REKORDMANGE: heile 19 deltakarar frå fylket er med på AUF sin sommarleir på Utøya i år

Foto: Jostein Vedvik

Stemninga her på Utøya er heilt fantastisk. Vi er saman med tusen andre likesinna og berre har det kjekt i lag, fortel fylkesleiar i Sogn og Fjordane AUF, Reidar Fugle Nordhaug.

Ved tidlegare år har det gjerne vore fire, fem eller seks deltakarar ifrå fylket, men oppmøtet i år er heilt utanom det vanlege.

– Det er andre gong det vert arrangert sommarleir her på Utøya sidan terroråtaket 22. juli 2011, og denne gongen er vi faktisk heile 19 deltakarar frå Sogn og Fjordane, seier Nordhaug.

Sommarleikar på Utøya

LEIK OG MORO: her spelar nokre av deltakarane frå fylket frisbee. Ballspel og leik er ein like stor del av den politiske sommarleiren som politikk

Foto: Jostein Vedvik

Ligg mykje hardt arbeid bak

Han trur det er mykje hardt arbeid i organisasjonen som ligg bak dei gode tala.

– Vi har satsa tungt på ein organisatorisk og politisk oppbyggjingsprosess her i fylket dei siste åra, og det er resultatet av det vi no ser, seier Nordhaug.

AUF i Sogn og Fjordane har auka talet på aktive medlemmar det siste året, og i tida før sommarleiren har dei no jobba aktivt for å få folk til å reise på sommarleiren.

Ei stor oppleving

– Det er jo ei stor oppleving å vere på sommarleir på Utøya, og i år er det særleg mange trekkplaster. statsminister i Sverige Stefan Löfven og Harald Eia er mellom dei kjende personane som kjem for å prate i år, fortel fylkesleiaren.

Å vere på sommarleir på Utøya går ut på mykje politikk og foredrag, men også mykje leik, ballspel og sommarhyggje. Å vere attende på øya der det for fem år sidan var eit terroråtak gjer også det heile litt spesielt.

– Det er jo eit minnesmerke her som ein har høve til å vitje, og det vert lagt opp til tid for ettertanke og samhald. Likevel merkar ein ikkje så mykje til åtaket på stemninga her, stemninga er god, og åtaket pregar ikkje sommarleiren, seier Nordhaug.