Heile ni løparar fartar land og strand rundt for å styrke rangeringa på startlistene til det internasjonale skiforbundet FIS.
18-åringen Ane Marte Steintveit frå Haugen er den best rangerte alpinisten i fylket, og ho er glad for at så mange krinsløparar er med på høgt nivå.
20. best
Steintveit er rangert som den 20-beste storslalåmalpinisten i Norge, og etter den solide køyringa i sesongopninga på Bjorli sist helg, får ho no sjansen til å køyre europacup på Ål neste veke.
– Det har eg aldri vore med på før, og det blir spanande å sjå korleis eg ligg an, seier Steintveit, som ser dette som ein fin sjanse.
Knallhardt
Det skal både knallhardt arbeid og stort talent til for å klatre på rangeringslistene til det internasjonale skiforbundet FIS, som avgjer kor godt startnummer løparane får i nasjonale og internasjonale renn.
Tidlegare toppalpinist Marianne Kjørstad frå Haugen, som tok VM bronse i 1996, fortel om ein tøff kamp men også inspirerande kamp om dei viktige FIS-poeng.
– Når det går bra er det moro å sjå koss du stadig frå betre og betre FIS-punkt. Og på den måten får du betre startposisjon, og med det sjansen til å klatre enda meir, seier Kjørstad.
Taktikk er viktig når målet er å klatre på FIS-listene. Stemne med høgt rangerte løparar gjev nemleg betre utteljing enn stemne med svakare deltaking.
Høgt nivå
For nivået i alpinidretten er svært høgt, seier Ane Marte Steintveit som har 296 utøvarar føre seg på den internasjonale FIS-lista i storslalåm.
– Det er mange sekund fram til dei beste. Målet er å ha det moro og bli betre og betre, seier Steintveit.