Hopp til innhold

Rekordmange drikk Balholm

Fruktmosten frå Balestrand har vorte supertrendy lunsjdrikk.

Åge Eitungjerde
Foto: Kristine Askvik / NRK

 For daglig leiar i Balholm Mosteri, Åge Eitungjerde, har situasjonen snudd frå økonomisk krise til glede. I fjor var det like før bedrifta måtte gje opp då gjelda samla seg opp og salet gjekk tregt. No sel bedrifta nærare tre gonger så mykje som i fjor.

Høyr lyd: Fleire skålar i Balholm

 - Dersom det held fram slik som no, så flyt vi bra.

Lunsjdrikk

I fjor selde Balholm ti tusen liter i månaden. No sel mosteriet opp mot tretti tusen liter per månad. Det er særleg når folk et lunsj, at dei vel drikken frå Balestrand.

- Når folk skal ha med seg ei flaske saman med ein baguett eller smørbrød, så går ein ikkje etter pris på same måte som til frukosten heime, seier Eithungjerde. Han fortel vidare at det er salet av dei nylanserte halvliterflaskene som tek av.

- Vi merkar òg at bærblandingane våre er eit fint alternaltiv til tyngre raudvin. Der merkar vi òg at salet er godt, spesielt i restaurantbransjen.

God omsetjingsauke

No i sommar har mosteriet tilsett tre personar som skal drive med marknadsføring lokalt, i Bergen og i Oslo.

I fjor hadde Balholm Mosteri ei omsetjing på i underkant av to millionar. I år trur Eithungjerde at omsetninga kan kome opp i 4,5 millionar kroner , forutsatt at folk held fram med å kjøpe drikken frå Balestrand framføre andre fruktdrikker.

- Godt og lokalt

Lunsjgjest på Kvikne's Hotell, Peder Kjærvik, er ein av dei som gjerne velgjer Balholm.

- Lokalt og godt på alle måtar. Godt å drikke, og godt å vete at det går ann å lage slikt inni fjorden her.