NRK Meny
Normal

Rekordmange dødsbrannar

Men slett ikkje alle har røykvarslarar i husa sine.

Brannvarsler
Foto: Scanpix / SCANPIX

Ein fjerdedel av alle bustadane i Førde og Naustdal manglar eller hadde feil med røykvarslarane sine.

For gamle

Det kom fram under Aksjon Bustadbrann, der brannvesenet besøkte 131 bustadar i forrige veke.

Førde kommune meiner det er særs viktig å få retta på dette, med omsyn til at 2007 ser ut til å bli eit rekordår for dødsbrannar.

I halvparten av bustadane fann ein sløkkjemiddel som var for gamle eller ikkje var vedlikehalde.

Kommunen oppmodar alle til å snakke med andre i eigen husstand om branntryggleiken i bustaden.

 

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.