Hopp til innhold

Rekordmange brukar fylkesleksikonet

Fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane er i bruk som aldri før, og dei to siste månadane har fleire tusen teke turen innom det nettbaserte oppslagsverket.

Alkkunne sitt fylkesleksikon

SUKSESS: Allkunne si overtaking av fylkesleksikonet som tidlegare var drifta av NRK Sogn og Fjordane, ser ut til å vere ei suksess.

Foto: skjermdump

– Dette syner at folk søker kunnskap om stader dei er knytt til. Det er viktig at dette materialet er tilgjengeleg for alle og blir oppdatert, seier redaktør i Allkunne Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Fylkesleksikonet er eit oppslagsverk der ein kan lese om stader, personar og hendingar knytt til Sogn og Fjordane.

Det er det digitale oppslagsverket Allkunne som i dag driv fylkesleksikonet.

Redaktøren i Allkunne fortel at besøkstala stadig er på veg oppover. I heile fjor hadde leksikonet 190 000 sidevisingar, medan dei berre på dei to første månadane i år altså har hatt meir enn 50 000.

Per Magnus Finnanger Sandsmark

NØGD: Redaktør i Allkunne Per Magnus Finnanger Sandsmark er nøgd med at dei har teke over drifta av fylkesleksikonet.

Foto: Nynorsk kultursentrum

Starta opp av NRK Sogn og Fjordane

Det var NRK Sogn og Fjordane som i 2001 starta opp fylkesleksikonet, og dreiv det fram til 2015, då Allkunne tok over.

– Det var ingen andre i NRK som dreiv på med noko liknande, men tidlegare distriktsredaktør Ottar Starheim sat på veldig mykje kunnskap om lokalhistorie, og tok sjølv initiativ til å stable fylkeslekiskonet på beina, seier ein av dei som var med på oppstarten, Arild Nybø.

Fylkesleksikon

SLIK SÅG DET UT FØR: Fylkesleksikonet vart til i byrjinga av NRK si satsing på nett, og bidrog til at NRK Sogn og Fjordane var blant dei mest leste sidene i heile NRK-universet

Foto: Skjermdump

Det var Starheim sjølv som skreiv det aller meste av artiklar til leksikonet, og det vart ein suksess ganske raskt.

– Dette var heilt i byrjinga av nettsatsinga til NRK, og fylkesleksikonet gjorde at nettsidene til NRK Sogn og Fjordane var blant dei mest besøkte i heil NRK. På eit tidspunkt trur eg vi hadde fleire brukarar enn heile sporten, seier Nybø.

Arild Nybø og Ottar Starheim

MED FRÅ BYRJINGA: Arild Nybø var med på å jobbe med dei tekniske løysingane knytt til fylkesarkivet heilt frå byrjinga. Saman med Ottar Starheim fekk han presseprisen i Sogn og Fjordane i 2002 for arbeidet med fylkesleksikonet

Foto: NRK

Stadig fleire lesarar

I 2015 var det altså slutt for NRK si fylkesleksikonsatsing, men lesartala har ikkje gått ned med dei nye eigarane i Allkunne, og den siste tida har dei altså vore stigande.

Allkunne er først og fremst eit gratis oppslagsverk om alt mogleg, men redaktør Sandsmark er nøgd med at dei også kan drifte vidare fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane.

– Det var naturleg for Allkunne å sikre at kunnskapen om Sogn og Fjordane framleis skulle vere tilgjengeleg for alle på nett. Vi ønsker å få til eit samarbeid med andre aktørar om å oppdatere innhaldet, slik at kvaliteten på tilbodet blir endå betre.

Artiklar om alt mogleg

Allkunne er knytt til nynorsk kultursentrum i Ørsta, og samlar no meir enn 23 000 artiklar om alle moglege slags emne.

Dei får støtte frå kulturdepartementet til drifta si, og artiklane er stort sett skrive av folk med fagleg kompetanse på feltet dei skriv om.

Ivar Aasen-tunet på Sunnmøre

IVAR AASEN-TUNET: Ved Nynorsk kultursentrum i Ørsta held Allkunne til. Det er på garden der Ivar Aasen vaks opp.

Foto: Gaute Øvereng / Nynorsk kultursentrum

Sandsmark trur samankoplinga mellom Allkunne og fylkesleksikonet kan gjere at folk blar seg vidare frå lokale artiklar og kanskje lærer noko nytt om noko heilt anna.

– Artiklane frå fylkesleksikonet står saman med artiklar om alt frå historie, kunst og litteratur til biologi og oseanografi. Dei som går inn på Allkunne kan derfor finne fleire artiklar til å fordjupe seg i emna dei har undersøkt i fylkesleksikonet, seier Sandsmark.