Godt makrellfiske fører til nye lasterekordar

Eventyrleg fiske gjer at Pelagia, tidlegare Norway Pelagic, har lagt bak seg ein av sine beste månader på utskiping av makrell.

Utskipingsrekordar etter godt makrellfiske.

FULLT: Container på container fullasta med makrell verst lasta om bord på skip i Vågsøy.

Foto: Bjarne Eldevik

– Det er nok om lag 50 millionar kilo den siste månaden frå heile landet ifrå vårt selskap, seier dagleg leiar i Pelagia, Egil Magne Haugstad.

Selskapet har anlegg både i Måløy, Selje, Florø og Kalvåg, og i førre veke skal det ha blitt sett ny utskipingsrekord ved anlegget i Måløy.

– Dette er meir enn vanleg, og det henger jo saman med kor mykje vi produserer, og kor fort vi får det ut. Det er i alle fall lenge sidan det har vore så stor trafikk på ein månad, seier Haugstad.

Han fortel at i Sogn og Fjordane er aktiviteten veldig stor.

All fisk vert pakka i kassar som rommar 20 kilo. Så med 50 millionar kilo den siste månaden vert det ein del kassar. At selskapet har hatt ein slik eventyrleg månad betyr mykje for selskapet.

– For heile fiskerinæringa betyr det jo mykje at det er stor aktivitet. Som den nest største eksportartikkelen til Norge etter Olje og gass. Og den store aktiviteten er bra for landet, for verksemda, og alle involverte i verdikjeda. Så det er flott at vi har hatt ein så god månad, fortel Haugstad.

Makrellen blir i hovudsak eksportert til kontinent som Afrika og Asia.

– Det er i Asia dei er villige til å betale mest for makrellen, men då må den ha ein viss storleik. Så vi sender den store makrellen dit, medan den som er litt mindre går til Afrika, seier han.

Haugstad fortel at dei over tid har blitt flinkare til å jobbe med å vareta kvaliteten på fisken.

– Vi er òg heldige med at når fisken sym inn mot Norge, så gjer den det på ei tid av året då den er fast og fin i fiskekjøtet. Det er ein kvalitet som asiatane likar, og difor prioriterer vi den asiatiske marknaden, fortel seier Haugstad.