Hopp til innhold

Rekordlang kø, men håpet er ikkje heilt ute

Aldri har så mange stått i kø for å studere i Sogn og Fjordane. Vel 3000 står på venteliste til studia som Høgskulen på Vestlandet tilbyr i fjordfylket.

Studieopning på Høgskulen

POPULÆRT: Frå høgskuleopninga i Sogndal i fjor. I år har endå fleire søkt på tilboda til Høgskulen på Vestlandet i Sogndal og Førde.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Prorektor Rasmus Stokke seier at dette er svært gledelege tal.

– I dag har studentane fått beskjed om dei får plass eller ikkje. For Høgskulen er det veldig kjekt at så mange ynskjer å studere i Sogndal eller Førde.

Men for dei mange som ikkje fekk plass er det ikkje like kjekt. Stokke seier at dei opnar opp for restopptak på Samordna opptak torsdag.

Rasmus Stokke

– GLEDELEG: Prorektor Rasmus Stokke.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Så det er berre å prøve seg på restplassar for ei som ynskjer opptak, og det kan vere sjansar på venteliste også.

Var usikre på grunn av fusjonen

Ein av grunnane til det rekordhøge søkjartalet er at det er oppretta eit par nye studium. Men sjølv om ein tek omsyn til det er det god auke frå i fjor.

– Det er gledeleg, for vi har vore usikre på om fusjonen og turbulensen som har vore rundt den skulle verke negativt inn på søkinga. Men det ser ut til at det har verka positivt.

– Kva trur du er årsaka til auken?

– Vi har attraktive tilbod som treffer behov i arbeidslivet, vi har studium som har fått eit godt rykte, og vi har studentar som snakkar positivt om studia og studiestadene våre. Svært mange, rundt to tredelar av studentane kjem frå andre fylke enn Sogn og Fjordane.

Men det er ei utdanning som har færre søkjarar enn i fjor. Det er ingeniørutdanninga.

– Det heng saman med arbeidsmarknaden. Dei oljerelaterte ingeniørutdanningane i heile landet har litt færre søkjarar.