Hopp til innhold

Rekordkrav etter avlingssvikt

Hard vinter og kald sommar fører til rekordmange søknader om erstatning frå bøndene.

Fruktavling

REKORD: Bøndene sit att med berre ein brøkdel av normal avling. Det viser att i bunken med søknader om erstatning for tapt avling.

Foto: Hilde Nilsson / NRK

Assisterande landbruksdirektør Bjørn Harald Haugsvær fortel dei har fått inn ti gonger så mange søknader om erstatning for avlingssvikt i år.

Mange av bøndene sit att med berre ein brøkdel av normal avling på grunn av ein hard vinter og kald sommar.

– Per dato har eg fått melding frå kommunane om at vi har 117 søknader. Det er ein merkbar auke i høve normalår, då vi har brukt å liggje kring ti søknader, seier han.

– Ingen har gått klar

Med totalt ti gonger så mange søknader, meiner Haugsvær at søknadsbunken nærmar seg rekordstor.

Ei tidobling i talet på erstatningssøknader fører til skyhøg utbetaling frå staten. Kring seks millionar kroner ventar Haugsvær vil bli betalt ut. Mot ein million kroner andre år.

Spesielt ser sladdane ut til å vere verst i kommunane Flora, Fjaler, Gaular, Stryn og Luster.

– Det er nok ingen som har gått klar denne sommaren, seier Haugsvær.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video 20e6264b-8d21-4c88-993f-504c32aaed82.png

SJÅ TV-SAK: Store frostskadar på rosetre.

– Frustrerande år

Skurv og sopp på epla, avlingar på halva av normalen, bøar som vart til gjørmehol og slakting av dyr på grunn av formangel, er berre nokre av følgjene den harde vinteren og kalde sommaren førte til for bøndene.

– Det er klart at det er frustrerande når ein har slikt ver som i år, og då blir det dårleg resultat, seier fruktdyrkar Terje Fosshagen, som i år hausta inn sju tonn mindre enn normalt.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video 54f38a6a-fe88-445b-ac73-11e4bf9d649a.jpg

SJÅ TV-SAK: Avlingane druknar på rot.

Uroa bønder

Per Hilleren

UROA: Bondelagsleiar Per Hilleren fortel om uroa bønder.

Foto: Arne Eithun / NRK

– Slik eg har høyrt det i nabolaget her, er det ingen som har vore borti så store tap tidlegare, held Fosshagen fram. Sjølv har han tapt kring 200 000 kroner.

Bondelagsleiar Per Hilleren seier mange bønder er uroa og manglar fôr.

– Det blir eit stort økonomisk tap om du har dårleg avling, må redusere tal dyr og gjerne må kjøpe fôr i tillegg. Det er klart at økonomien blir stressa av dette, seier han.

Video Måtte slakte 20 dyr på grunn av formangel

SJÅ TV-SAK: Måtte slakte 20 dyr på grunn av formangel.