Hopp til innhold

Rekordinteresse for traineestillingar

Framtidsfylket har fått inn heile 550 søknader til årets 23 traineestillingar. 75 prosent av søkjarane kjem utanfor fylket.

Gro Rukan

– GLEDELEG: Dagleg leiar i Framtidsfylket trur suksessen skuldast fokus på kvalitet og kompetanse.

Foto: Framtidsfylket

I fjor var det 340 søknader, som var ein stor auke frå 2013. Årets søkjartal er dei desiderte størst nokon gong.

Dagleg leiar i Framtidsfylket, Gro Rukan, trur det er fleire grunnar til at det er så mange søkjarar.

– For det første har vi mange stillingar. I fjor hadde vi 17, i år hadde vi 23. Det er faktisk ganske sensasjonelt å ha så mange stillingar i eit traineeprogram. Ein annan viktig faktor er at vi er svært medvitne på å ikkje marknadsføre programmet med ein kom-heim-bodskap. Vi fokuserer heller på kvalitet og kompetanse, seier Rukan.

Søkjarar frå heile landet

I søkjarmassen er 25 prosent frå Sogn og Fjordane, 70 prosent frå andre fylke og fem prosent frå utlandet.

– Dette viser kor attraktivt programmet er, også for folk utanfor fylket. Vi nyttar mange marknadsføringskanalar, og det er tydeleg at det blir lagt merke til. Eg trur også at dette er eit resultat av den langsiktige satsinga vi har hatt med karrieremesser i Oslo, Trondheim og Bergen, seier Rukan.

To traineekull

Av alle dei 19 traineebedriftene, er det stillingane i Havyard Ship Technology og Sognekraft som har fått flest søkjarar med 38 kvar.

– Jamt over er det kome mange søkjarar til dei fleste stillingane, men vi skulle gjerne hatt fleire søkjarar til stillingane innan IT. Samtidig er vi svært nøgde med kvaliteten på søkjarane. Det viser at det nyttar å løfte i lag, seier Rukan.

Traineeordninga til Framtidsfylket hadde 10-årsjubileum i 2014, og 109 traineear har til no vore gjennom programmet. 70 prosent av dei har vorte verande i fylket.