Rekordhøge tal for heimlause kjæledyr

Over 8000 kjæledyr vart i fjor rapportert heimlause, noko som er rekord. Dyrebeskyttelsen Norge fryktar tala berre vil stige.

Katt

MEST UTSETT: I Noreg blir mange kattar heimlause kvart år. Dyrebeskyttelsen Norge fryktar det er store mørketal.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

2018 vart nok eit rekordår for heimlause kjæledyr. Tal frå Dyrebeskyttelsen Norge syner at det i 2018 var 8048 tilfelle av familiedyr utan heim. Det er ein auke på 633 dyr frå året før. Årsak kan vere både bortkomne dyr og dyr som enten er umerka eller har blitt dumpa av eigarar.

– Det blir fleire kvart år. Og det vi ser er berre toppen av isfjellet, seier Åshild Roaldset.

Ho er dagleg leiar og veterinær i Dyrebeskyttelsen Norge. Totalt finst det 27 lokalavdelingar i landet med hundrevis av frivillige. Ho fortel at dette ikkje er nok.

– Hittil i år rapporterer alle våre lokalavdelingar at dei druknar i dyr. Dei slit med å halde hovudet over vatnet og har ikkje kapasitet til å hjelpe alle som treng det.

Katt - Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane

FEKK HJELP: Katten Kevin er ein av dei som Dyrebeskyttelsen Norge avd. Sogn og Fjordane har teke seg av. Han håpar snart å få kome til ein ny heim.

Foto: Privat

No vil Dyrebeskyttelsen Norge krevje obligatorisk ID-merking av dyr. Dette både for å kunne spore opp eigar, men også for dyras rettstryggleik.

– I praksis så har ikkje familiedyr som ikkje er ID-merka noko vern i dyrevelferdslova. Så meiner ein alvor med dyrevelferdslov, så må det fylgjast opp med obligatorisk ID-merking, seier ho.

Store mørketal

– Eg tykkjer dumping er heilt forkasteleg, seier Anne-Johanne Bjordal, nestleiar i Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane.

Sjølv har ho ni kattar heime. Berre for litt over to veker sidan vart det funne to kattungar i ein tunnel i Dale, og ho seier at dette ikkje er noko nytt.

– Det her er dessverre vanleg no om sommaren. Tenk alle kattane vi aldri finn. Her er store mørketal. Det er jo heilt tilfeldig at dei vert funne.

Anne-Johanne Bjordal - Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane

FRIVILLIG: Anne-Johanne Bjordal er nestleiar i Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane. Her er ho saman med hunden Ajax.

Foto: Privat

Kattungane som vart funne i Dale var ca. seks veker gamle. Bjordal tenkjer at ID-merking og kastrering burde vere påbode, men trur det største problemet ligg i haldningar til folk.

– Så lenge folk ikkje har dei rette haldningane til dyr, så vil vi ikkje få ei endring.

Sjølv valde Bjordal å behalde den eine av kattungane. Ho seier at folk må tenkje over at det er levande individ og at det er eit stort ansvar når ein skaffar seg kjæledyr.

Kristina (8) og kattunge som vart funnen i Dale

NY HEIM: Kristian (8) tykkjer det er stas med nytt familiemedlem. Kattungen vart funnen i ein tunnel i Dale for litt over to veker sidan.

Foto: Privat


Sprengd kapasitet hos dyrepensjonat

– Eg tek også inn eit og anna dyr for å hjelpe Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane, seier Ove Myrmel.

I tillegg til å ha vore engasjert i fleire år i dyrebeskyttelsen, driv han også Myrmel Dyrepensjonat i Gaular. Sidan oppstart, for om lag 30 år sidan, har han sett ei auke i bruk av denne tenesta.

Ove Myrmel - Myrmel Dyrepensjonat i Gaular

DYREPENSJONAT: Over Myrmel starta dyrepensjonat for om lag 30 år sidan. Her har han både hundar, kattar, gnagarar og fuglar innom heile sommaren.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

– Det har vore ein vesentleg auke i bruk av dyrepensjonat. I Sogn og Fjordane har det kome fleire aktørar på marknaden. Behovet er der, og det har blitt fleire kjæledyr blant folk.


Dyrepensjonat er ei teneste som tilbyr pass av kjæledyr ved behov. Mange dyreeigarar nyttar seg av dette når det er ferie. Sjølv om det har kome fleire aktørar på marknaden ser likevel Myrmel at kapasiteten ikkje strekk til heile sommaren.


– Der er ikkje nok kapasitet i juli månad i Noreg. Det er vanskeleg å ha eit tilbod som er stort nok for denne månaden.

Kattar mest utsett

Myrmel trur årsaka til ein auke i dumping av kjæledyr har med økonomi å gjere. Kattar er spesielt utsett, og han fortel at kattar ofte vert seld billeg eller gitt vekk gratis.

– Når ein får noko gratis så ser ein ofte ikkje same verdien i det som noko ein brukar pengar på. Då er det enklare å kvitte seg med dyret på ulovleg måte.

Ove Myrmel og ein av kattane ved pensjonatet

TEK VARE PÅ DYRA: Sommarferien er i gong og allereie har Myrmel fått inn kattar og hundar som skal vere der mens eigarar er på ferie.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK