Rekordhøge besøkstal for Elvisfestivalen

Folk strøyma til paraden i bygatene i Måløy. Også ordføraren i Elvis sin fødeby, Tupelo, var spesielt invitert.

Elvisfestivalen - Isak Søraa

HELSAR TIL PUBLIKUM: Isak Søraa dressa opp i Elvis-klede helsar til tilskodarane av paraden.

Foto: Bjarne Eldevik

Publikum seier det er den beste festivalen vi har gjort nokosinne, seier Lars Kjølen i festivalleiinga i Elvisfestivalen i Måløy, også kalla The Norwegian Elvis Festival.

Lars Kjølen

MEDIEANSVARLEG: Lars Kjølen har vore med i festivalleiinga sidan oppstarten.

Foto: Lars Kjølen

Det er sjette gongen festivalen som skal hylle Elvis Presley blir arrangert, og i år har det vore fleire publikum enn nokosinne. Førehandssalet av billettar var det beste dei har hatt.

– Vi har dobla kapasiteten og for bubilar i sentrum, seier Kjølen.

Elvis-tilhengarar

– Den harde kjernen av Elvis-fans reiser rundt i heile landet på konsertar, og ein del av dei var her. Så er det folk på ferie som oppdagar at det er ein Elvisfestival over tre dagar og vel å leggje turen innom her, fortel Kjølen.

Også dei lokale sette pris på festivalen og livet i gatene denne helga.

Elvis-paraden

ELVIS-STIL: Fleire deltok i paraden.

Foto: BJARNE ELDEVIK

– Det er smekkfullt i gatene, då stikk folk frå heimane sine og strøymer til, seier Kjølen.

Veteranbilar i gatene

Dei arrangerer også ei parade med veteranbilar gjennom gatene i Måløy. Artistane som også er Elvis-imitatorar sat inne i bilane.

Elvis paraden

I VETERANBIL: "Elvis" i ein av bilane som køyrde til utstilling.

Foto: BJARNE ELDEVIK

– Det eg høyrer i etterkant er at det blir sett veldig stor pris på.

Ein gjest var spesielt invitert, nemleg Jason Shelton som er ordførar i Tupelo, Mississippi, som er fødebyen til Elvis Presley.

Jason Shelton

ORDFØRAR: Jason Shelton kom heile vegen frå Elvis sin fødeby Tupelo, Mississippi for å vere med på festivalen.

Foto: BJARNE ELDEVIK

– Det var ei glede for oss at han ynskte å delta. Vi prøvde etter beste evne å gjere stas på han, fortel Kjølen.

Han fekk treffe ordføraren i Vågsøy, Kristin Maurstad. Han fekk også ei omvising med innblikk i det lokale næringslivet.

Storslått kyrkjekonsert

Festivalen vart starta med ein stor kyrkjekonsert i Sør Vågsøy Kyrkje der alle artistane bidrog med Elvis-slagerar.

– Det er eit høgdepunkt. Det er mange som kjem eine og åleine på den. Då tek vi for oss gospelversjonar av det Elvis gjorde, fortel Kjølen.

Elvisfestivalen - Isak Søraa

SJÅ FLEIRE BILETE HER

Foto: Bjarne Eldevik
MÅLØY: I helga gjekk Elvisfetivalen av stabelen. Til og med ordføraren i Elvis sin fødeby Tupelo, Jason Shelton hadde teke turen.