Hopp til innhold

Rekordhøg borrelia-smitte

Borrelia-smitten vert stadig hissigare i Sogn og Fjordane.

Flått
Foto: NRK

Aldri før har så mange blitt smitta av Lyme borreliose, eller borrelia, som i fjor. Folkehelseinstituttet registrerte då 25 tilfelle av sjukdomen som vert overført gjennom flått-bet. Dei aller fleste born under ti år.

- Folkehelseinstituttet registrerer berre dei alvorlege tilfellene. Det vil seie systemiske tilfelle der smitta fører til betennelse i nervesystemet, hjernehinnebetennelse eller i verste fall lammelse, seier smittevernlege Reidar Hjetland ved sentralsjukehuset i Førde.

Rekordhøge tal

Utviklinga har nærast eksplodert sidan 1990. Ei årsak er at Folkehelseinstituttet først då tok til med å registrere tilfellene. Sidan 2000 har talet auka frå seks, til 25 tilfelle i fjor. Det er ti fleire enn i 2005. På landsbasis har talet gått frå 111 i 2002 til rekordhøge 311 i fjor. Så langt i år er det registrert tre nye tilfelle i fylket. Medan 59 tilfelle på landsbasis vitnar om nytt rekordår, vil ikkje Hjetland spekulere i om talet vil halde fram med å auke også i Sogn og Fjordane.

- Det er vanskeleg og for tidleg å seie. Dei fleste tilfellene vert registrert på seinhausten. Det blir spennande å følgje med utviklinga, seier han.

Gjengroing av landskap

Hjetland seier det kan vere fleire årsaker til at borelia-smitten veks i omfang både på landsbasis og i fylket. I Sogn og Fjordane ser smitten ut til å råke midtre og ytre delar av fylket, hardare enn indre delar.

- Det kan vere mengda flått der folk bur og ferdast, det kan vere at større del av flått-stammen har smitten i seg. Det vert og spekulert i om dette er ein effekt av gjengroingsproblematikken i landskapet og mildare klima, seier han.

Langt fleire smitta

Born under ti år er overrepresentert i gruppa med alvorlege tilfeller. Også personar i 30 til 60 år er sterkt representert.

- Det gjenspeglar det faktum at desse ferdast mest i naturen, seier Hjetland. Han legg til at det i tillegg til statistikken, finnast mørketal. Langt fleire får mildare utslag som følgje av smitten.

- Dei aller fleste som får bakterien i seg, får hudutslett, seier han.

- Pass på

Når sommaren står for tur, kan det difor vere på sin plass med ei aldri så lita oppmoding om å vere på vakt.

- Ein må kle godt på seg når ein skal ut i terreng med mykje flått. Dei aller fleste veit kvar det er mykje flått. Sjekk borna godt når dei kjem inn att frå skog og mark. Dess tidlegare ein får fjerna flåtten dess betre er det. Den smittar betre dess lenger den set, avsluttar Hjetland. Når eit raudt utslett breier seg kring flåttbetet, er det på tide å kontakte lege.