Tala er skremmande, seier ordførar Roger B. Silden, som no kallar inn til ekstraordinært formannskapsmøte onsdag for å sette saka på dagsorden. Det har vore ei utvikling som har gått over lengre tid, og dei vil no sjå på kvifor det går som det går. Den største årsaka trur Silden er nedgangen i talet på fiskefartøy og den statlege reguleringa det har vore på fiske.
Fleire kommunar som slit
Men det er ikkje berre fiskerikommunen Vågsøy som slit meg høge ledigheitstal, i nabokommunen Selje er 170 på jakt etter arbeid og i Bremanger nær 200.
Fylkesarbeidssjef Frode Henden stadfestar at arbeidsmarknadssituasjonen på kysten er vanskeleg, og at den nok vil verte verre når tala for mars månad er klare på torsdag.