Hopp til innhold

Rekordgod kvalitet på jølstraauren

JØLSTER (NRK): Folk som har fiska i femti år kan ikkje hugse at auren i Jølstravatnet har vore så fin som i år.

Fiskemottak i Jølster

PRIMA VARE: Aldri tidlegare har Finn Årdal fått inn så mykje flott fisk på fiskemottaket sitt i Jølster som i år.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Eg tykkjer han er fantastisk flott, han er så feit og fin og raud i kjøtet. Dei som har fiska her enno lenger enn meg, seier at dei ikkje kan hugse å ha opplevd ein så flott kvalitet på Jølstraauren som i år, seier Finn Årdal.

Det blir fiska tonnevis med fisk i Jølstravatnet i år. Nær sju av desse tonna vert teken i mot av Finn Årdal på fiskemottaket hans.

Auren elskar dårlege somrar?

Han har ingen klare svar på kvifor kvaliteten i år er som den er, berre ein teori.

– Det har eigentleg vore bra i fleire år no, men at kvaliteten er heilt spesiell i år kan nok ha litt med den kjølige sommaren å gjere. Det har nesten ikkje vore over 13-14 grader i vatnet i år og det er svært uvanleg, seier Årdal.

Jølstravatnet

FOR FINT? Kanskje er slike sommardagar som i dag dårleg for kvaliteten?

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Før han oppsummerer teorien sin:

– Det kan tyde på at jølstraauren likar ein kald og grå sommar betre enn vi som skal bade og ha ferie.

Normal fangst - unormal kvalitet

Fisket starta for ei veke sidan og skal vare i fem veker.

Fiskemottak i Jølster

FEM VEKER: Dei neste fire vekene blir det mange timar over fiskebaljane for Finn Årdal på mottaket hans.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Difor er det enno for tidleg å spå korleis fangsten blir totalt sett.

– Hittil ser det ganske normalt ut, men at kvaliteten blir heilt i toppklasse, det er det i alle fall ikkje tvil om, seier Årdal.