Hopp til innhold

Rekordforbruk av straum i kulda

Sogn og Fjordane har hatt eit totalforbruk på nesten 1000 megawatt dei siste dagane.

Kraftledninger
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Dei dagane har straumbruken vore på nesten 1000 megawatt i den bitande vinterkulda i Sogn og Fjordane.

- Høgaste forbruk nokon gong

Ifølgje Sogn og Fjordane Energi er kraftforbruket oppe i rekordhøge tal - og selskapet merkar kulda særleg på leveransen til hushald, kommunale bygg, næringsliv og all industri som ikkje omfattar den kraftkrevjande industrien.

- Hos Sogn og Fjordane Energi har vi hatt eit alminneleg forbruk på nesten 150 megawatt, og det er nok det høgaste vi har hatt nokosinne, seier direktør Asgeir Aase i SFE Nett.

Mindre straum i jula

Aase meiner forbruket på 150 megawatt er om lag halvparten av det som totalt går til privat forsyning i Sogn og Fjordane. Heile fylket sett under eitt har eit forbruk på om lag 1000 megawatt, inkludert Hydro og Elkem sine kraftkrevjande anlegg - som åleine står for tre fjerdedelar av totalforbruket.

- Røyner det høge forbruket på straumnettet?

- Nei, der har vi ganske god kontroll. Så det er ingen problem, seier Aase.

Kraftselskapa reknar med at straumbruken går ned med om lag 20 prosent i jula. For sjølv om fleire er heime og brukar straum på dagtid, stengjer skular, butikkar og industri.

Stabilt kaldt mot årsskiftet

SFE reknar med at straumbruken vil halde seg høg i dagane framover.

Vêrmeldingane tyder nemleg på at det bli stabilt kaldt i perioden fram mot årsskiftet.

PS: Store delar av Jølster var i går kveld utan straum. Bebuarane på Langhaugane ved Vassenden måtte klare seg utan elektrisitet i heile natt.