Hopp til innhold

Rekordfangst med ny båt

På første turen sin sletta "Frøyanes" rekorden, aldri før ha ein autolinebåt levert så stor fangst i Norge.

Banklinebåten Frøyanes (Ervik Havfiske)

REKORDFANGST: 'Frøyanes' kom til Måløy med 460 tonn fisk.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Den første turen gjekk veldig bra. Båten har svart til forventningane, og det har vore godt fiske, fortel eigar Stig Ervik i Ervik Havfiske A/S til Fjordenes Tidende .

LES OGSÅ: Skal foredle fisk ombord i superbåt

Han var skipper på turen til Barentshavet, der "Frøyanes" har fiska torsk og hyse i 40 døger. Fangsten på 260 tonn torsk og 200 tonn hyse vart levert i Måløy onsdag ettermiddag.

Magnar Aasebø i Vest-Norges Fiskesalslag stadfestar at dette er den største fangsten som er levert av nokon autolinebåt i Norge.

Men Stig Ervik er ikkje like nøgd med prisane som med kvantumet.

Men elendige prisar

– Prisane er elendige, for å seie det mildt. Torskeprisane har gått ned med 15-20 prosent sidan i sommar. Difor må vi ha så store kvantum for å sitte att med forteneste.

Fangsten har ein verdi på ca. 8,6 millionar kroner. Mannskapet på 21 får utbetalt i snitt 150 000 kroner kvar.

Banklinebåten Frøyanes (Ervik Havfiske)

NY OG STOR: 'Frøyanes' er den største autolinebåten i verda.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK