Hopp til innhold

Rekordbesøk for Våt Moro

Florø-festivalen veit nøyaktig kor mange som har vore i teltet på kveldstid, men på dagtid reknar dei ut frå kor mange is dei har delt ut.

Våt Moro 2014

GØY I VATNET: På Våt Moro kan ein boltre seg både i, på, under og over vatnet.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Vi har slått rekord i år, og er kjempefornøgde, seier festivalsjef Frank Robert Klagegg.

I løpet av festivalen har kveldsarrangementa vore utselde kvar kveld.

– Vi reknar med at 1000 barn og rundt 1500 vaksne har vore innom festivalen kvar dag, seier Klakegg.

I barneparken på laurdag delte dei ut 800 is, noko Klakegg meiner er ein god indikator på kor mange som var der.

Våt Moro 2014

PADLAR: På dagen har det vore forskjellige aktivitetar, og på kvelden har det vore "Aftersea" med quiz og konsertar.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Festivalen blei i år arrangert for sjette året på rad, og Klakegg seier dei har hatt jamn auke i besøkstala.

– Det er veldig kjekt at så mange vil komme, det gir oss motivasjon.

Vil ikkje utvide

Festivalen har balansert på maksimal kapasitet heile helga. Spesielt har «sjørøvartokta» for barn, i skipet Svanhild, vore populære.

– Vi burde nesten hatt to-tre fleire slike skip, seier Klakegg.

Planlegg de utviding til neste år?

– Nei. Vi er ein liten, koseleg festival, og det har vi lyst til å fortsette med å vere.

Klagegg trur at storleiken på festivalen er ein av grunnane til at han har vore levedyktig

– Vi spelar på dei naturgivne føresetnadene, tar liten risiko og er kreative på enkle måtar, seier han.