NRK Meny
Normal

Rekordavlingar i kulda

STÅRHEIM/EID (NRK): Gradestokken kryp under null om nettene i Nordfjord, men i frukthagane på Stårheim ser ikkje det ut til å setje ein stoppar for eplesesongen

Eple på Stårheim

MODNE: Epla på Stårheim i Eid byrjar å bli modne, og kan plukkast ned

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Epla toler fleire kuldegrader, så lenge dei tiner opp att i løpet av dagen. Det seier fruktbonde på Stårheim, Dagnar Myrold.

Då skulle vêret dei siste dagane vere midt i blinken. Det byrjar å bli kaldt om nettene, men om dagen er det strålande sol over heile vestlandet, og temperaturen kjem ofte opp i både 11 og 12 grader.

Det har likevel vore nattefrost, og om morgonen kan ein sjå rim på epla til Myrold. Han er likevel ikkje bekymra endå.

– Kjem gradestokken ned i sju kuldegrader eller kaldare om nettene, då kan det bli eit problem. Så lenge det held seg like under null går det heilt fint.

Dagnar Myrvold

STORE EPLE: Dagnar Myrold kan ikkje hugse å ha sett så store avlingar med eple som han har i år

Foto: Halard kolseth / NRK

Rekordstore avlingar

Faktisk kan det virke som forholda for epledyrking er veldig gode i haustsola, epla til Myrvold er i alle fall usedvanleg store i år.

– Det er nok rekord for vår del, eg trur ikkje vi har hatt nokre slike avlingar tidlegare. Vi har eple som har vore oppi seks hundre gram, og det blir eigentleg i meste laget. Det blir nesten litt drygt, seier nordfjordringen.

Stårheim i Eid kommune har vore kjent for fruktdyrkinga si i generasjonar, og Myrold har sjølv drive med eple heile livet.

– Folk har dyrka frukt her så lenge eg veit om, og sikkert endå lenger. No er avlingane likevel større enn nokon gong. Det har nok også å gjere med eplesortane vi brukar no, det går stort sett i raud aroma. Dei er store, seier Myrold.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.