NRK Meny
Normal

Rekordår for Våt Moro

– Det har gått over all forventning, seier festivalsjef June Knapstad Kroppan.

Våt Moro 2014

Fredag kveld måtte den nye festivalsjefen stoppe billettsalet til After Sea-arrangementet under festivalen fordi det ikkje var plass til fleire.

Men på sjølve aktivitetane på havet, har billettsalet vore meir lunkent.

Få ville dykke

June Knapstad Kroppan

NØGD: Festivalsjef June Knapstad Kroppan seier ho er særs godt nøgd med oppmøtet under årets Våt Moro.

Foto: Henrik Agledal / NRK

Festivalen i Florø starta som ein liten havsportfesival, tufta på dugnadsånd. I år er det femte gongen festivalen blir arrangert.

– Folk har utan tvil vore mest interessert i dei mest spenstige turane vi har hatt, der har alle vore utselt.

Sjekk bileta frå i fjor her

Dei mest populære tilboda har vore sjørøvartokt på ei gamal skute, havrafting til Hornelen og tur til Via Ferrata, ifølgje festivalsjefen.

– Dykking har det vore laber interesse for. Det er litt synd, vi har fantastiske dykkeforhold her. Det var det var mest spent på som festivalsjef fordi eg driv med dette sjølv.

Slik gjekk det på Våt Moro i år.

Trassa vêret

Festivalgeneralen sa til NRK før festivalen gjekk av stabelen at ho skulle be til høgare makter om fint ver under festivalhelga. Dei bønnane blei ikkje høyrt.

– Men det viste seg at publikum ikkje let seg stoppe så lett. Kanskje dei tenkjer at dei skal i sjøen og blir våte uansett. Vêret har ikkje vore på topp, men vi grin ikkje av den grunn.

Ifølgje ho er det rekordmange billettar selde til festivalen.

– På kveldsarrangementa har det runden 2.000 besøkande.

Aktivitetar på sjølve festivalen har ho ikkje oversikt over, men ho seier at det ligg an til rekord, også der.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.