Rekordår for Sparebanken Sogn og Fjordane

FØRDE (NRK): I 2017 hadde Sparebanken Sogn og Fjordane over 1 milliard i inntekter. No vil banken bli ei endå sterkare kraft i lokalsamfunnet.

Frode Vasseth og Trond Teigene, Sparebanken Sogn og Fjordane

NØGDE: Økonomidirektør Frode Vasseth og administrerande direktør Trond Teigene.

Foto: Ingvild Bakken

– Vi leverer eit historisk godt resultat for 2017 som vi er utruleg nøgd med, seier administrerande direktør Trond Teigene.

Torsdag presenterte Sparebanken Sogn og Fjordane resultat frå 4. kvartal i 2017. Totalresultatet er på 425 millionar kroner. Dette er ein auke på 85 millionar kroner frå 2016.

Økonomidirektør Frode Vasseth fortel at det er særleg to element som bidreg til det gode resultatet.

– Det har vore ei god utvikling i rentenettoen, altså marginen mellom innlånskostnadane våre og den renta som vi får frå kundane på utlåna våre, seier Frode Vasseth.

Sparebanken kjøpte seg i 2014 inn som eigar i forsikringsselskapet Frende Forsikring. Dette har også bidrege til det gode resultatet.

– Vi har hatt ein veldig god verdiutvikling på ein del av investeringane våre, som investeringa i Frende, fortel Frode Vasseth.

Stort samfunnsansvar

Det gode resultatet kjem heile fylket til gode, seier administrerande direktør Trond Teigene.

Sparebanken fører deler av overskotet tilbake til lokalsamfunnet og det er sett av 110 millionar av årets resultat til utbytte og gåver. Banken har i tillegg 50 samarbeidsavtalar med idrettslag og organisasjonar.

Sparebanken Sogn og Fjordane ynskjer å vere ein solid og sjølvstendig bank for næringslivet i fylket.

– Store bankar ynskjer ofte ikkje å investere i desse kantane av landet. Det er viktig at vi har kraft og eigenkapitalavkastning til å satse her og vere ei drivkraft for eit sunt og aktivt næringsliv her i fylket, seier Trond Teigene.

Banken fekk 4300 nye kundar i 2017, over halvparten av desse bur i vårt område.

– Vi har ei utruleg god kundevekst på alle område, både i Sogn og Fjordane og i resten av landet på privatmarknaden. Det er vi veldig godt nøgd med, fortel Trond Teigene.

Sparebanken Sogn og Fjordane

4300 NYE KUNDAR: Sparebanken Sogn og Fjordane fekk 4300 nye kundar i 2017.

Foto: NRK

Satsar på ny teknologi

Banknæringa vil oppleve store endringar framover.

– Vi er i ei tid der den teknologiske utviklinga er stor og det skjer fort. Det vil kome nye aktørar med nye forretningsmodellar som vil truge banknæringa, seier Trond Teigene.

Sparebanken Sogn og Fjordane gjer alt dei kan for å følgje med på den nye utviklinga.

– Vi jobbar ambisiøst med å tilby dei beste digitale tenestene, fortel Trond Teigene.

I 2017 lanserte dei ny mobilbank og ein eigen mobilbank for born mellom åtte og 12 år.

– Så skal vi halde fram med det vi er gode til, å vere nær og jobbe med dei gode kunderelasjonane og tilby god kunderådgjeving, seier Trond Teigene.