Trenden er den same i Solund. Næringssjef Tor Arne Hauge seier at medan besøket i fjor ved Hardbakke hamn var på kring 900 båtdøgn i fjor, tyder alt på at ein vil bikke 1.100 i år.
Turistar måtte snu
Situasjonen er den same i Florø. Per Øyvind Helle i Florøvika Gjestebrygge fortel at tilstrøyminga av båtturistar til tider har vore så stor at tilreisande båtfolk fleire gonger i sommar har måtta snu.
Om den utviklinga ein har sett dei siste åra held fram, blir nok gjestehamna i Florø nøydd til å utvide. I år har dei hatt dobbelt så mange gjester som dei hadde i fjor.
NRK har vore i kontakt med fleire av gjestebryggene og småbåthamnene langs kysten av fylket, og tilbakemeldinga er den same. Det går mot eit rekordår når det gjeld tal på besøkande.
Oppdagar andre reisemål
Reiselivsleiar i Stiftinga Jensbua, Marita Solheim Solvik, meiner dette tyder på at folk no har byrja å få auga opp for at Sogn og Fjordane har meir å by på enn brear og fjordarmar, og at dei gode besøkstala er ei fjør i hatten for reiselivsnæringa på kysten.
Næringssjefen i Solund, Tor Arne Hauge, trur båtturismen i framtida vil vere ei viktig vekstnæring langs kysten.