Hopp til innhold

Rekordår for overnattingsstadane

Allereie etter ti månader er det registrert fleire overnattingar i 2016 enn det vart gjort i heile 2015. Utanlandstrafikken veks over ti prosent.

Kviknes Hotell i Balestrand

FØRSTE GANG: I 2016 var det for første gong fleire overnattingar frå utlandet enn frå Noreg i Sogn og Fjordane.

Foto: Rune Fossum / NRK

2016 blir eit rekordår for overnattingsstadane i Sogn og Fjordane. I løpet dei ti første månadane, vart det registrert over 1,3 millionar overnattingar i fylket. Noko som allereie er ein vekst på to prosent om ein samanliknar med heile 2015, og det høgaste som er registrert sidan Statistisk sentralbyrå la om overnattingsstatistikken i 2013.

Sigurd Kvikne

BILLEGARE: Sigurd Kvikne meiner det har mykje å seie for auken i utanlandske turistar at valutakursen dei siste åra har gjort feriar i Noreg billegare.

Foto: Elias Engevik / NRK

Overnattingsstadane er ikkje dei einaste som har hatt ein god turistsesong. Flåmsbana ser ut til å smadre besøksrekorden frå 2015 i år. For overnattingsstadane er det ein stor auke i turistar frå utlandet som sørger for den nye rekorden. Hotelldirektør, Sigurd Kvikne, ved Kviknes Hotel i Balestrand har merka auken i utanlandske turistar.

– Vi har hatt ein heilt fantastisk sesong, med veldig stor utanlandstrafikk gjennom heile sommaren og utover på hausten.

Honnør

Kvikne seier at dei har merka ein stor auke i utanlandstrafikk to år på rad, og trur den vil halde fram og neste år. Han meiner god marknadsføring og heldig valutakurs er grunnen.

– Destinasjonsselskapa og verksemdene som har tenkt langsiktig og marknadsført Noreg i utlandet skal ha honnør. Dei har lagt grunnlaget, så har valutakursen dei siste to åra gitt utanlandske turistar om lag 25 % rabatt på turar til Noreg. Det har hatt mykje å seie.

Framleis vekst

Ingjerd Sælid Gilhus

OPTIMIST: Ingjerd Sælid Gilhus er optimistisk med tanke på framleis auke i overnattingar frå utlandet.

Foto: Per Sollerman

Etter eit par år med nedgang i innanlandstrafikken og sterk auke i utanlandstrafikken blir det i 2016 for første gang fleire overnattingsdøgn frå utlandet enn frå Noreg i Sogn og Fjordane. Også innanlandstrafikken ser ut til å få ein oppgang i år. Næringspolitisk fagsjef i NHO Reiseliv, Ingjerd Sælid Gilhus, trur på vidare vekst for reiselivet i 2017.

– Vi er optimistiske, og heile næringa er optimistiske av natur. Eg trur veksten held fram, då Noreg har blitt ein klar turistdestinasjon. I Sogn og Fjordane har veksten vore svært sterk, men og resten av landet har hatt vekst. Vi ser at nye marknader oppdagar Noreg som reisemål.