Hopp til innhold

Rekordår for Nordfjord Laks.

2013 vart tidenes rekordår for Nordfjord Laks. Det skriv Firda. Omsetninga auka frå 46 til 80 millionar frå 2012 til 2013, og minusresultatet var snudd til 26,7 millionar før skatt i fjor. Eigaren har teke ut utbytte på totalt fem millionar kroner. – Framtidsutsiktene er ganske gode, sjølv om vi har fått ein liten prisnedgang på under 35 kroner kiloen, seier dagleg leiar Leiv Slagstad.