NRK Meny
Normal

Rekordår for Nordfjord Kjøtt

Aldri før har det gått så bra for Nordfjord Kjøtt. I 2012 enda årsresultatet på 158 millionar kroner.

Geir Egil Roksvåg, dagleg leiar i Nordfjord kjøtt

KAN SMILE: Dagleg leiar i Nordfjord Kjøtt, Geir Roksvåg, har god grunn til å smile om dagen.

Foto: Per Thrana

Dagleg leiar Geir Roksvåg har god grunn til å smile om dagen. Kjøttvareprodusenten i Loen kan nemleg sjå tilbake på eit rekordår, skriv Bergens Tidende.

Rema 1000 er Nordfjord Kjøtt sin einaste kunde, og salet av biff, pølser, pålegg og kjøttdeig går svært godt. Berre i fjor selde dei produkt for over 2,1 milliardar kroner.

Det er ein vekst frå 2011 på over 13 prosent, og sidan kostnadene ikkje auka like mykje kan sjefen gle seg over eit historisk resultat skriv avisa.

– Vi ser no resultata av betydelege investeringar som er gjort i driftsutstyr. Det tenar vi på, seier Geir Roksvåg til Bergens Tidende.

I løpet av dei siste ti åra har Nordfjord Kjøtt investert ein milliard kroner i effektivisering av produksjonen, forklarar Roksvåg.

Medan Nordfjord Kjøtt har ei driftsmargin å 11,1 prosent, hadde konkurrenten Nortura i fjor ei driftsmargin på 2,1 prosent. Forklaringa? Ifølgje Roksvåg er det enkelt og greitt meir effektiv produksjon.

– Investeringane gir ei raskare gjennomstrøyming i produksjonen, og vi brukar færre årsverk på meir volum. Dermed blir vi også meir lønsame, seier han til Bergens Tidende.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.