Hopp til innhold

Rekord for Stryn-bedrift

Verksemda Pretre i Stryn hadde i fjor sitt beste år nokonsinne. Verksemda i Stryn, som mellom anna produserer takstolar, veggar og golv, fekk eit resultat på 14 millionar kroner før skatt, skriv Fjordingen. Selskapet hadde ein produksjonsvekst på 20 prosent, og vi har ein god ordrereserve, seier dagleg leiar Eivind Hopland. Selskapet har også avdelingar i Steinkjer, Gausdal og Tvedestrand.