Hopp til innhold

Rekordoppmøte på «Kom deg ut-dagen» – sjå bileta her

Den norske turistforeining arrangerte i går årets «kom deg ut-dag». Og arrangementet vart ein strålande suksess.

– Eg er svært godt nøgd med dagen! God gjennomføring, god dugnadsånd, og alt mangfaldet; det er veldig mange som står på for å gjere dette til ein festdag. Folk flest får kome seg ut, seier dagleg leiar i Sogn og Fjordane Turlag, Astrid Kalstveit.

Ho skryt hemningslaust over alle som stilte opp i går.

– Kvart år kjem dei på bana og arrangerer. Det gjeld spesielt Barnas Turlag-gruppene våre. Vi har 26 av dei, og 21 av dei arrangerte tur på sundag. Resten skal ha neste helg.

  • Manglar det bilete i galleriet? Send dei gjerne på e-post til sf@nrk.no

Satsar annleis her i fylket

Aldri før har så mange vore med på «Kom deg ut-dagen».1864 personar var med, og av dei var 1056 barn og unge. Det vil seie at cirka 1,7 prosent av innbyggjarane i fylket deltok. På landsbasis var 44.000 menneske med, rundt 0,9 prosent av nordmenn.

– Me er veldig nøgde med det. Me satsar på det desentraliserte. Me har 23–24 arrangement og turar i alle kommunar.

– Er det annleis enn i resten av landet?

– Dei store byforeiningane har gjerne eitt arrangement som samlar veldig mykje folk. Me er unike fordi me har så mange Barnas Turlag-grupper. Det er ein veldig god ting for oss, seier Kalstveit.

– Aktivitetane ikkje det viktigaste

I Florø hadde heile 600 møtt opp. I Gloppen var dei 200, medan 300 barn og vaksne møtte opp i Førde. Og det mangla ikkje på aktivitetar rundt omkring i fylket. Fisking, sykling, hestekøyring, padling, og klatring.

– I Nordfjord gjekk barn og vaksne på overnattingstur til Skåla og fekk med seg ein flott solnedgang der, seier Kalstveit.

Andre stader fekk uttrykket «ut på tur, aldri sur» ein alvorleg prøve.

– Dei som hadde det tøffast var Årdal turlag og borna der, som gjekk på tur til Mannsberg. Dei fekk seks grader og regn.

Uansett er det ikkje aktivitetane som er det avgjerande, meiner Kalstveit.

– Det viktigaste er maten, grillinga, og det sosiale og den frie leiken.