I ein rapport til Fylkesmannen skriv leiar i Vetlefjorden grunneigarlag, Sigmund Feten, at det er stor grunn til uro. Han seier fisket no er så dårleg at det ikkje er grunnlag for å halde fram.
- Fisket i fjor var katastrofalt dårleg. Det vart fanga under 20 fiskar i heile sesongen, seier Feten.
Vil prioritere saka
Direktoratet for naturforvalting har det endelege ansvaret for kva som skal skje med elva, men saksbehandlinga skal starte hjå fylkesmannen. Fiskeforvaltar i Sogn og Fjordane, Eyvin Sølsnæs, lovar å prioritere saka.