Hopp til innhold

Politiet vil rekonstruere bussulykka - stengjer riksveg 55 i kveld

Politiet ønskjer å rekonstruere bussulykka som tok to liv på riksveg 55 måndag. Vegen vert stengd frå klokka 18, og iallfall éin time framover.

Den svenske turistbussen som frontkolligerte i Fardal, Sogn og Fjordane

VIL REKONSTRUERE: Politiet ønskjer å rekonstruere ulykka.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Rekonstruksjonen er framskunda, sidan det ikkje passa for ulykkesgruppa til Statens vegvesen korkje i slutten av denne veka eller i neste veke.

– Vi fann ut at vi rett og slett forserer det litt, og gjer det i dag, seier lensmann i Sogndal, Åge Løseth til NRK.

I tillegg til politiet vil mannskap frå ulykkesgruppa til Statens vegvesen, og havariinspektørar frå Statens Havarikommisjon for transport vere til stades.

Får sjå det med sjølvsyn

– Det er for å få opplyst saka best mogleg, og då står fram det som rett å køyre ein rekonstruksjon, seier Løseth.

Det har vorte hevda at vegen er smal på punktet der ulykka skjedde. Målingar utført av Statens vegvesen syner at vegen er nøyaktig 6,30 meter på ulykkesstaden. Til samanlikning er ein buss 2,55 meter brei, når ein ikkje reknar med speglane.

– Slik sett er det plass. Men i og med at det har vorte eit poeng at det ikkje er heilt plass der ute, så ønskjer vi iallfall å ta det med som ein del av rekonstruksjonsgrunnlaget i dag, seier Løseth.

Blir stengt opp mot halvannan time

Rekonstruksjonen er planlagt å ta til klokka 18.00.

– Vi reknar med at vi må stengje vegen der ute vel ein time. Mykje er gjort i løpet av ein time eller halvannan, seier Løseth.

Politiet har i ettermiddag jobba med å få på plass bussar av rett type til rekonstruksjonen.

– Vi jobbar med det, men eg trur det meste er på plass no, seier Løseth.

Den norske sjåføren kjem til å vere til stades under rekonstruksjonen.

– Den svenske sjåføren har reist heim til Sverige seier Løseth.

Også rettslege avhøyr i morgon

I dag er det gjennomført to eller tre vitneavhøyr.

– På vitnesida er vi omtrent i mål, det står kanskje att eitt i Bergen, seier Løseth.

I tillegg står det att rettslege vitneavhøyr av utanlandske turistar.

– Det går føre seg rettslege vitneavhøyr i dag, og det kjem vi også til å gjennomføre i morgon, seier Løseth.

Politiet gjennomfører rettslege avhøyr av tre-fire av dei utanlandske statsborgarane i Sogn tingrett i dag og torsdag. Dette vert gjort med tanke på eventuelle hovudforhandlingar.

Då ein ser det som lite sannsynleg at ein får vitne til å komme heile vegen til Taiwan for å vitne i ei sak, gjennomfører politiet heller rettslege avhøyr, som kan nyttast som vitneprov i ei rettssak.

Uvisst når ein tiltale er klar

Kor lang tid det vil ta før politiet eventuelt tek ut tiltale mot den svenske sjåføren, har ikkje Løseth svar på.

– Det vågar eg ikkje å svare på. Det er litt tidleg å seie noko om det. Men denne saka skal gis høg prioritet, og det skal ikkje stå på tempo i etterforskinga, seier Løseth.

To kvinner i tjueåra omkom i ulykka. Framleis ligg to kvinner innlagde på Haukeland universitetssjukehus, for den eine er tilstanden kritisk, medan den for den andre er alvorleg.

– Klarar vi å få det til, blir det anten i ettermiddag eller torsdag ettermiddag, seier Løseth.

Sikta for aktlaus køyring

Den 54 år gamle svensken som var sjåfør i turistbussen, vart tysdag sikta for aktlaus køyring. Politiet har grunn til å mistenkje at mannen har komme over i motgåande køyrefelt, og dermed brote vegtrafikklova sin paragraf 3.

Mannen har ikkje erkjent forholdet, og han har heller ikkje samtykka i noko beslag av førarkortet.

Dagleg leiar Göran Mellström i Bergkvara, selskapet som eig bussen, stadfestar at den svenske sjåføren er sterkt prega av ulykka.

– Han er jo prega av det som har skjedd, og har det naturlegvis ikkje så bra. Han er i sjokk, men har heldigvis berre fått mindre skadar. Han er avhøyrd av politiet og også av Havarikommisjonen, seier Mellström.